NRK Meny
Normal

Denne byen er jumbo på barnehagebygging

Bergen har bygd desidert minst kommunale barnehagar av alle dei største norske byane. Oslo og Trondheim har bygd flest.

Klosteret barnehage

DÅRLEGAST: Det har dukka opp 15 kommunale barnehagar i Bergen sidan 2004. I Trondheim har det på same tid kome 69 nye kommunale barnehagar.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Dei siste ti åra har Stavanger bygd dobbelt så mange og Trondheim fire gongar så mange kommunale barnehagar som Bergen.

Tal NRK har henta inn får Statistisk sentralbyrå (SSB) viser følgjande utvikling i bygginga av kommunale barnehagar i dei største byane dei siste ti åra:

  • Oslo: 82 nye barnehagar.
  • Trondheim: 69 nye barnehagar.
  • Stavanger: 31 nye barnehagar.
  • Bergen: 15 nye barnehagar.

Byggjer tre – legg ned tre

2014 viser litt av problemet som barnehagejumbo Bergen slit med. I år skal kommunen byggje tre nye kommunale barnehagar rundt om i byen.

BArnehage

RÅKA: Laila Nessen er ein av dei som er råka av det dårlege barnehagetilbodet i Bergen sentrum. Ho anar ikkje kvar borna Melvin (4) og Ulrik (2) skal gå i barnehage til hausten.

Foto: Sølve Rydland

Foreldre og tilsette ved Trollskogen barnehage

LEGG NED: Kommunen legg ned den kommunale barnehagen til pedagogisk leiar Grete Haveland (til venstre) og FAU-leiar Eli Myrmel Haukås i Åsane i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland

Barnefamiliar i Bergen får ein vanskelegare kvardag.

Pål Hafstad Thorsen, Arbeiderpartiet
Samtidig må kommunen leggje ned tre kommunale barnehagar. Dermed vert det ikkje fleire kommunale barnehagar dette året.

Som NRK har fortalt denne veka, tvingar fylkesmannen Bergen til å leggje ned den mellombelse Montana barnehage. Årsaka er at barnehagen i utgangspunktet berre skulle ha vore i drift til 2010, men kommunen har heldt den gåande mykje lenger.

I Bergen er under halvparten av dei kommunale barnehagane permanente. Resten er mellombelse bygg med ein usikker framtid.

Ein annan kommunal barnehage som forsvinn er Trollskogen barnehage i Åsane. Kommunen hadde lova foreldre og tilsette ny barnehage neste år, men har plutseleg snudd og legg ho ned i år.

Private vel vekk sentrum

Barnehagejumbo Bergen har eit problem, innrømmer byråd for skule og barnehage, Harald Victor Hove (H).

Han vedgår at når det er private som står for størsteparten av utbygginga får ein eit geografisk skeivt tilbod.

– Dei private aktørane liker å byggje i store, opne landskap ute i bydelane der det er plass og få reguleringskonfliktar.

– Det er få som ønskjer å byggje barnehagar i sentrumsbydelane Årstad og Bergenhus, og til dels også Laksevåg, seier han.

Barnehagebyråden er tilhengar av private barnehagar. Likevel vedgår han at lite kommunal utbygging i Bergen har bidrege til eit skeivt barnehagetilbod frå bydel til bydel.

– Det betyr at kommunen må inn og gjere jobben der det trengst, seier Hove.

– Må ta ansvar for sentrum

For dårleg innsats frå det blå byrådet i Bergen, meiner Pål Hafstad Thorsen frå Arbeidarpartiet.

– Barnefamiliar i Bergen får ein vanskelegare kvardag fordi man ikkje kan velje kva for ein barnehage man ønskjer. Ein får ikkje moglegheit til å velje ein i sitt nærområde eller nær arbeidsplassen, men er prisgjeve det som kommunen eventuelt har å tilby, seier han.

SV sin Oddny Miljeteig meiner kommunen har latt det vere opp til private kvar barnehagane skal byggjast.

– Sentrumsbydelane har vore stemoderleg behandla fordi byrådet har nekta å ta ansvaret og syte for barnehageplassar også i sentrum, seier ho.

Harald Victor Hove

VANSKELEG: Det er vanskeleg å byggje barnehagar i Bergen sentrum, vedgår barnehagebyråd Harald Victor Hove.

Foto: Runa Victoria Engen

Hove syns sentrum er vanskeleg

Hove vedgår at kommunen ikkje har nådd alle måla sine i barnehagesektoren. Men han peikar på at det er vanskeleg å få permanente løysingar der det er dårlegast dekning.

– Der er det press på tomter. Det er vanskeleg å få gjennom regulering til barnehage, fordi ein har veldig mange naboar. Dei ønskjer seg gjerne barnehageplassar, men ikkje barnehage like ved huset sitt, seier Hove.

Men kvifor Oslo og Trondheim har vore så mykje betre enn Bergen, har ikkje Hove noko klart svar på.

– Dei har nok ikkje det lettare med bygging der, men dei har nok vore tidlegare ute, seier Hove.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik