Hopp til innhold

Dette var registrert som tørkeloft. Då brannen braut ut, måtte folk rømma frå fire soverom

Ny innsatsstyrke i Bergen avslørte ulovlege butilhøve, og kommunen varslar gigantbot. Brannvesenet har laga «svarteliste» over huseigarar dei meiner set leigetakarar sine liv på spel.

Ulovlig innredet soverom på brannåsted på Laksevåg i Bergen

SOVEROM: På fire soverom i loftsetasjen sov tre personar då det braut ut brann i ein firemannsbustad på Laksevåg i november i fjor. No risikerer eigaren 200.000 kroner i bot. Kommunen sitt arkiv viser at det her berre skulle vera tørkeloft.

Foto: Bergen brannvesen

Natt til 10. november i fjor braut det ut brann i eit leilegheitsbygg på Laksevåg i Bergen. Seks personar redda seg ut, og tre blei sendt til sjukehus med skader.

I juni skreiv NRK at ein mann i 20-åra var sikta etter mordbrannparagrafen, mistenkt for å ha starta brannen.

Men aktlaus brannstifting var ikkje den einaste ulovlegheita som blei avdekt etter storbrannen.

På ei synfaring oppdaga brannvesenet at det var etablert fire soverom på loftet. Til saman låg tre personar og sov på desse romma då brannen braut ut. Arealet var berre godkjend som tørkeloft.

No har eigedomsfirmaet, som har etablert seg som ein større utleigeaktør i Bergen, fått varsel om eit lovbrotsgebyr på heile 200.000 kroner.

– Dette er det høgaste gebyret lova gir oss heimel til å gi. Storleiken er eit uttrykk for at me ser svært alvorleg på saka, seier avdelingssjef i plan- og bygningsetaten, Ulf Sæterdal.

Brann i firemannsbolig på Laksevåg

STORBRANN: Seks personar blei evakuerte då det byrja å brenne i trehuset på Laksevåg natt til 10. november i fjor.

Foto: KJELL JØRAN HANSEN / NRK

– Gjort i «vinnings hensikt»

Bergen kommune meiner huseigaren utvilsamt må ha visst at utleiga var ulovleg, spesielt sidan firmaet er ein profesjonell aktør i eigedomsbransjen.

Bruksendring av loft til buføremål er søknadspliktig. Plan- og bygningsetaten meiner lovbrotet er gjort i «vinnings hensikt».

Dei grunngjev også det høge gebyret med dei alvorlege konsekvensane regelbrotet kunne fått.

Ifølge brannvesenet i Bergen var det berre snakk om minutt før liv ville gått tapt.

– Alvoret i saka handlar om at nokon kunne ha mista livet i denne brannen. Me har brukt slike gebyr i større grad dei seinare åra, for å auka respekten for lovverket, men eg kan ikkje hugsa at me har gitt gebyr i denne storleiken tidlegare, seier Sæterdal.

Brann i loftetasje i Lille Damsgårdsvei i Bergen

UTBRENT: Tre av bileta viser tre av dei fire soveromma på loftet. Biletet nede til venstre viser dør frå leiligheta til trapperommet, og interntrapp i leilegheita i andre etasje til loftet. Husiegaren opplyser til kommunen at soveromma var bygd då han kjøpte eigedommen.

Foto: Bergen brannvesen

Avdekte ulovleg utleige i nabohus

Og dette var ikkje det einaste lovbrotet knytt til huseigaren dei fann. Etter brannen fekk brannvesenet tips om at same firma dreiv ulovleg utleige på loftet i eit hus nokre hundre meter opp i gata.

Brannvesenet varsla plan- og bygningsetaten, som gjekk på umeldt tilsyn.

På tørkeloftet der var det oppført to fullt utstyrte bad, sett inn seks takvindauge og lagt inn vatn- og avløpsrøyr til alle opphaldsromma. Ingenting var søkt om, ifølge kommunen sine arkiv.

Det førte til varsel om umiddelbar bruksstopp og pålegg om retting og tvangsmulkt.

Huseigaren fekk krav om å søka om bruksendring, eller å riva bad, plombera alle røyr og fjerna takvindauga.

Månaden etter kom søknaden. Den er enno ikkje handsama.

Brannvesenet er svært kritisk til slik praksis.

– Me ser at det er mange huseigarar som driv ulovleg og som ikkje prioriterer branntryggleik. Dei driv stort med utleige og har eitt fokus: å tena pengar, meiner Linn Høisæther, branningeniør i Bergen brannvesen.

To ulovlig innredet boenheter på tørkeloft på Laksevåg

PLOMBERING: Kommunen kravde at huseigaren skulle fjerna takvindaugene, riva badet og plombera alle røyr i denne loftsleilegheita. Huseigaren har no søkt om bruksendring for det som er ført opp som eit tørkeloft.

Foto: Bergen kommune

Har oppretta felles innsatsstyrke

Bergen kommune har lenge hatt eit mål om å stoppa hyblifisering og ulovleg utleige i byen. Brannvesenet har også sett seg grundig leie på direkte livsfarlege buforhold.

Difor har dei no oppretta ei felles prosjektgruppe, beståande av fagpersonar frå brannvesenet og plan- og bygningsetaten.

Dei to eigedomane på Laksevåg var det første samarbeidsprosjektet til prosjektgruppa, som har som mål å avdekka ulovlege forhold i bustadbransjen, som også bryt med brannforskriftene.

– Me har ulike lovverk og ulike verkemiddel å ta i bruk. Når me klarar å samordna det på best mogleg vis, slik me forsøker no, så kan me få bukt med dei viktigaste sakene, seier Mette Svanes, direktør i plan- og bygningsetaten.

– Etter ei bekymringsmelding frå oss i fjor om butilhøva på eit loft, som kommunen etter sitt regelverk ikkje kunne gjera noko med, bestemte me oss for å systematisera arbeidet betre og sjå kva me kan gjera betre for å trygga branntryggleiken, seier Janicke Larsen, avdelingsleiar for brannførebyggande i brannvesenet.

Avdelingsleder Ulf Sæterdal i plan- og bygningsetaten

HØG BOT: Bergen kommune har gitt huseigaren eit varsel om lovbrotsgebyr på 200.000 kroner. – Alvoret i saka handlar om at nokon kunne ha mista livet i denne brannen, seier avdelingssjef Ulf Sæterdal.

Foto: NRK

Har ti namn på «svarteliste»

Allereie har brannvesenet kartlagd fleire huseigarar dei meiner driv ulovleg utleige. Felles for mange er at bygga er i svært dårleg forfatning og at eigarane manglar dokumentasjon.

Basert på funna har dei oppretta ein «svarteliste» over huseigarar.

– Me ser det er gjengarar på namn som me ønsker å følga opp. Målet er å betra tryggleiken for leigetakarane. Veldig mange tenker at så lenge dei har røykvarslarar, så er det godt nok, seier branningeniør Høisæther, som er med i innsatsgruppa.

– Kor mange namn har de på lista?

– Så langt har me om lag ti namn. I tillegg er desse namna knytt opp mot ulike firma som me ser går igjen. Me snakkar om ganske mange bygg, seier Høisæther.

– Var soverom då me overtok

Investoren bak eigedommane på Laksevåg har dei siste åra samla fleire bygardar i eit større eigedomskonsern der han er styreleiar.

I vinter forsøkte han å selja ein leigegard i Bergen sentrum for nærare 30 millionar kroner.

I tillegg er han dagleg leiar i fleire aksjeselskap som har slått seg opp på utleige i Bergen sentrum.

Investoren har ikkje svart NRK, trass i gjentatte forsøk over fleire dagar per telefon og e-post.

I svaret sitt på kommunen sitt gebyrvarsel skriv huseigaren at det var fire soverom på tørkeloftet då selskapet kjøpte bygget i 2004, og at brannvesenet etter tilsyn ikkje har sagt at bruken er ulovleg.

«Verken på overtakelsestidspunktet eller i etterkant har det oppstått forhold som burde
oppfordret [selskapet sitt namn] til å iverksette nærmere undersøkelser om arealbrukens lovlighet», skriv han, og oppmodar kommunen til å droppe bota, eventuelt nedjustera beløpet frå 200.000 kroner.

Kommunen går no i gang med å utarbeida det endelege vedtaket i saka.

Vil inspisera fleire hus

Brannvesenet i Bergen har i dag ikkje heimel til å inspisera alle eigedommane til ein huseigar, sjølv om dei mistenker vedkommande for ulovlege forhold fleire stader etter funn av lovbrot éin stad.

Det ønskjer dei no å få endra. Fleire norske byar har forskriftar som opnar for slikt tilsyn.

– Slik me ser det, har me i dag ikkje gode nok moglegheiter til å følga opp. Difor ønsker me å få på plass ei lokal forskrift, som gir oss lov til å følga opp huseigarane på ein god måte, seier Høisæther.

Ho meiner ein slik forskrift, som innsatsstyrka, potensielt kan vera livreddande.

– Me ser ofte at det er risikoutsette grupper, som studentar, utanlandske arbeidarar og sosialklientar, som leiger av desse store huseigarane. Ved å betra branntryggleiken, er eg overbevist om at denne satsinga kan redda liv, seier Høisæther.