Hopp til innhold

Bergen Frp er lagt ned

Eit av dei største lokallaga i Frp er historie etter langvarige interne konfliktar. Fylkeslaget tek over styringa.

Gustav Bahus og Terje Søviknes

TEK OVER: Vestland Frp med leiar Gustav Bahus (t.v.) tek no over styringa av Bergen Frp. Til høgre sentralstyremedlem Terje Søviknes.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sentralstyret i Framstegspartiet har fredag avgjort at Bergen Frp blir lagt ned.

Fylkeslaget tar over aktiviteten til partiet i Bergen, bekreftar generalsekretær Fredrik Färber til NRK.

– Sentralstyret hadde fått eit forslag frå Vestland om at fylkeslaget ta over alle aktivitetane til partiet i Bergen. Det har sentralstyret godtatt, seier Färber.

– Det inneber at Frp vil sette strek for ei lang tid med konfliktar i lokallaget i Bergen. Vi har forsøkt i lang tid prøvd å få ro i lokallaget, men etter djup innsats ikkje klart å få til. Derfor har vi kome med dette uvanlege vedtaket i denne uvanlege situasjonen.

Endringa skjer med ein gong.

Fylkeslaget i Vestland Framstegsparti har sidan november ønska å ta over styringa av lokallaget i Bergen. Gustav Bahus, leiar i Vestland Frp, er nøgd avgjerda.

– Eg er veldig glad for at sentralstyret har gjort dette vedtaket. Vi har vore samstemde i fylkesstyret at det er ein alvorleg sak. Det er trist at vi måtte gå til dette skrittet, men eg håpar at det kan gjere at vi kan bygge eit sterkt og godt lokallag i Noregs nest største by, seier Gustav Bahus, leiar i Vestland Frp.

Gustav Bahus Vestland Frp

NØGD: Gustav Bahus, leiar i Vestland Frp, er nøgd med vedtaket.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Langvarig konflikt har skada partiet

Bergen Frp har vore eit av dei største lokallaga i partiet, men etter ein langvarig intern konflikt er lokallaget no historie.

Bakgrunnen er ein langvarig intern konflikt. Frp-kjelder NRK har snakka med har skildra situasjonen som «jævlig ille» og «ein suppe».

– Konfliktnivået har vore høgt over lang tid. Det har skada partiet både lokalt og regionalt, seier Färber.

Alle medlemmene til lokallaget vil halde fram som medlemmer, men at fylkeslaget vil invitere til medlemsmøte og all anna aktivitet, fram til at fylkeslaget meiner det er tid for å opprette eit nytt lokallag.

– Vi håpar det blir oppretta eit nytt lokallag så raskt som mogeleg, men fram til då vil fylkeslaget styre aktiviteten i Bergen, seier Färber.

Katastrofeval

Vegen fram mot valet i haust var prega av ein opprivande nominasjonskamp der Gjermund Hagesæter tapte mot Tor Woldseth i desember i fjor.

Berre to månadar seinare ville eit fleirtal i gruppestyret kaste Woldseth som leiar for bystyregruppa i Bergen. Mistillitsforslaget blei droppa etter at representantar frå den sentrale Frp-leiinga reiste til Bergen.

Sjølve valet blei katastrofalt for partiet, som lenge har vore store i Bergen. Frp mista nær halvparten av veljarane samanlikna med valet for fire år sidan, og enda på 4,7 prosent.

Fylkesleiar Bahus meiner dei indre konfliktane forårsaka det dårlege valresultatet.

– Den største konsekvensen er at vi hamna på fire-talet i valet. Det er det mest alvorlege konsekvensen, seier Bahus.

Etter valet skulle Tor Woldseth, tidlegare varaordførar i Bergen og førstekandidat for Frp, normalt ha halde fram som gruppeleiar. Men i kulissane hadde det blitt fremma ein motkandidat til leiarvervet, nemleg andrekandidat Marte Monstad.

Monstad vann kampen, etter at hennar sambuar og lokallagsleiar Christoffer Thomsen hadde brukt si dobbelstemme til å sørgje for at vararepresentantane ikkje kunne stemme.

– Vanskeleg å leie Bergen Frp

NRK har spurt Thomsen om eit intervju, men Thomsen har svart at det ikkje er mogeleg. Han skriv i ein e-post til NRK at nedlegginga er det beste for partiet.

– Det har utan tvil vore ei vanskeleg oppgåve å vere leiar for Bergen Frp, skriv han.