Hopp til innhold

Bergen får to elitelag i handball

Fana IL skreiv historie då dei i kveld sikra seg opprykk til eliteserien i handball for kvinner. Dermed har Bergen ikkje berre Tertnes i handballeliten.

VIDEO: Fana IL vann over TIF Viking onsdag kveld, og rykkar med det opp i eliteserien neste sesong.

– Dette har me jobba for i heile år, og så klarer me det på første forsøk. Kjempegøy!

Det seier ei strålande nøgd Celine Solstad. Saman med tvillingsøstrene sine Andrea og Victoria feira ho den historiske sigeren mot byrivalen TIF Viking i Slåtthaughallen onsdag kveld.

Fana vann ein overtydande siger 27–19 og rykkar i 2018-19-sesongen dermed opp i eliteserien, der bergenslaget Tertnes er veteranar.

– Spelarkjøp er uaktuelt

I første omgang leia Fana IL på det meste 11–4, men TIF Viking slo tilbake og ved pause var stillinga 13-12 til Fana. I andre omgang auka Fana leiinga gradvis og det unge laget vann til slutt solid.

– Utfordringa blir at me møter endå sterkare motstand kvar veke, så me må opp på eit høgare nivå, konstaterer trenar Erlend Lyssand.

– Me har brukt seks år i første divisjon og har bygd oss opp gradvis, så opprykket er heilt fortjent.

– Blir det spelarkjøp no?

– Me skal ikkje driva og kjøpa spelarar. Det kan eg seia. Får me betre råd må me bruka det på trening. Me skal ikkje bruka meir pengar enn me har.

Fana IL handball kvinner rykkar opp i eliteserien

KJENDISLIVET: Fana IL har framleis lite pengar å rutta med, men opprykket til elitenivå i 2018-2019-sesongen gir kanskje spelarane eit litt meir glamorøst liv.

Foto: Mette Anthun / NRK

Og det er ikkje mykje. Klubben omset i dag berre for rett over 1 million kroner.

– På eliteserienivå blir jo det latterleg lite, seier Lyssand.

– Opplevingar, ikkje pengar

– Spelarane får minimal betaling i dag. Dei får berre nok til at dei kan trena morgon og kveld, og så må dei ha jobb utanom. Me skulle sjølvsagt ønska at dei fekk meir.

– Kor motiverande er det når det ikkje er pengar i det?

– Slike augneblinkar som dette er gull for dei og meg. I dette laget handlar det om å skapa nokre opplevingar i livet sitt.

– Kva endringar ser du føre deg å gjera?

– Førebels veit eg ikkje. Me må opp på høgare nivå i alt me gjer. Men me har jo lite å rutta med. Me må kanskje på tiggarferd. Men det er først og fremst prestasjonar og meir trening som er målet.

Og målet for denne sesongen er klart.

– Me skal vinna serien i år, lovar Lyssand.