Hopp til innhold

Bergen får sprøyterom etter 14 års krangel

Ti år etter Oslo blir Bergen den andre byen i Norge med sprøyterom for narkomane. – Dette er ikkje godt brukte pengar, meiner Frp.

Sprøyterom

SPRØYTEROM: Slik ser det ut på Oslo sitt sprøyterom, som har eksistert sidan 2005.

Foto: Meek, Tore / SCANPIX

Etter årevis med debatt vedtok bystyret i Bergen i går at byen skal få sitt første sprøyterom. Frå før av er det Oslo som har tilbydd dei tyngste brukarane ein plass å setja sprøytene sine. Kommunen har hatt sprøyterom sidan januar 2005.

Alle parti utanom Framstegspartiet og Senterpartiet går inn for at sprøyterom skal opprettast i Bergen frå september neste år. Dermed blir vestlandshovudstaden den andre byen i Norge med eit slik tilbod for rusavhengige.

Neste år er det sett av 16 millionar kroner på budsjettet til byen sitt første «brukarrom».

– Det handlar om at nokre rusavhengige, som akkurat no ikkje er i stand til å ta imot behandling, skal få auka verdigheita, seier sosialbyråd Erlend Horn (V).

Politikarana har vingla

Han er av dei som lenge har jobba for å få på plass eit sprøyterom i Bergen, og saka var viktig både for Venstre og Arbeidarpartiet som inngjekk byrådssamarbeid med KrF etter valet i haust.

Sprøyterom har vore ei symbolsak i Bergen, som lenge hadde ei av Nord-Europas største opne russcener i Nygårdsparken. I åra mellom 2009–2013 døydde over 150 personar som følgje av overdose i Bergen.

I ulike forhandlingar om byrådsmakt har KrF gjennom heile 2000-talet stoppa opprettinga av sprøyterom, samstundes som parti som Høgre og Arbeidarpartiet har vingla i spørsmålet.

  • I 2001 søkte Kirkens Bymisjon i Bergen om å få oppretta eit slikt rom, men politikarane og sosialbyråden var lunkne.
  • I 2007 var Bergen nær å gå inn for sprøyterom, då eit fleirtal ville stemma for eit prøveprosjekt.

LES OG: Vil oppretta gatehospital i Bergen

LES OG: KrF: – Et brukerrom løser ikke rusproblemet, det bare vedlikeholder det

Sosialbyråd Erlend Horn i Bergen

Sosialbyråd Erlend Horn (V) i gårsdagens bystyre i Bergen, der eit stort fleirtal sa ja til sprøyterom.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Helsepersonell på rommet

Sosialbyråden meiner eit sprøyterom blir eit viktig supplement til eksisterande tilbod i byen, som MO-sentra på Nesttun og på Wergeland.

– Dei som dessverre uansett vil ta narkotika, kan gjera det i meir verdige forhold, der det vil vera kompetent helsepersonell til stades, seier Horn.

Dagens lovgiving tillèt berre injeksjon av brukardose heroin i eit sprøyterom. I eit sokalla brukarrom derimot, er talet på stoff som kan takast utvida. Helsepersonell kan gi hjelp umiddelbart dersom det skulle skje ein overdose, og dei kan også gi råd og rettleiing til dei narkomane.

Heroinsprøyte

HEROIN: Førebels opnar lova berre for heroininjeksjonar i sprøyterom.

Foto: Aas, Erlend, Erlend Aas / SCANPIX

16 millionar kroner er sett av i bybudsjettet til sprøyterom. Det er pengar Tor Woldseth og Frp meiner kunne blitt brukt betre.

– Det er ikkje godt brukte pengar. Vi ville brukt dei på andre måtar innanfor rusfeltet, som ville gagna meir. Til dømes ville vi halde Strax-huset lenger opent og heller sette i gang sosiale tiltak rundt rusmisbrukarane, seier Woldseth.