NRK Meny
Normal

– Bergen er den nye gatekunst-hovudstaden

Bergen kan by på langt fleire attraksjonar enn Bryggen og Fisketorget, meiner kunstekspert. For byen mellom dei sju fjella er leiande i Norden innan den kontroversielle kunstforma.

Ny bok, gatekunstby

VIDEO: Bergen har utvikla seg til å bli reine gatekunst-hovudstaden.

Resultata er jo rett og slett fantastiske

Terje Reistad, seksjonssjef i Bergen kommune

Mange byar i Norge er skeptiske, medan andre aksepterer ikkje gatekunst og graffiti i det heile. Bergen har derimot utvikla seg til å bli reine gatekunst-hovudstaden.

Ein av grunnane er at kommunen har gitt gatekunstnarane flater og veggar til å boltra seg på. Kommunen har eit eige graffitivedtak, der dei ønskjer å leggja til rette for den moderne kunstforma.

– Det er ein del av vår strategi å leggja til rette for veggar og område, fordi vi ser på resultata som kunst, seier seksjonssjef i Bergen kommune, Terje Reistad.

Kunsten ber frukter

gatekunst

NY KUNST: Fleire byar har nulltoleranse for det dei kallar uorganisert aktivitet. Bergen går derimot motsett veg.

Foto: Jarl Omestad

Kunstnarane har berre eit problem – dei har ofte veldig kort tidsfrist.

– Her har kunstnarane fått ein vegg å boltra seg på, men vi treng plassen for parkering til bilar om fjorten dagar. Eg har ikkje lyst at dei skal stå her med sprayboksar samtidig som det står parkerte bilar her. Då blir det nok fort leven, seier Reistad.

– Ja, då kan det jo hende at bilane blir dekorert også, flirer leiar i Artist collective in Bergen (BART), Petter Nord.

Kunstnarane som får boltra seg på veggen, er ein uvanleg miks av ein politisk stensilkunstnar, ein anonym sprayboksartist og ein klassisk malar.

Satsinga på gatekunstnarar ber frukter for byen. Ikkje berre trekkjer det til seg internasjonale stjerner og utstillingar av gatekunst på mange av Bergen sine fremste museum, det har også fått publikum i alle aldrar til å engasjera seg.

Bergen går motsett veg

Fleire byar har nulltoleranse for det dei kallar uorganisert aktivitet. Bergen går derimot motsett veg.

Gatekunst

NØGD: Petter Nord og Terje Reistad er nøgd med gatekunsten i Bergen.

Foto: Jarl Omestad

– Konsekvensane å ha ein nei-kommune, som til dømes Oslo, er at du blir arrestert om du taggar og då endar det opp med ein by med berre tagging. Bergen som er ein ja-kommune, får derimot fin og flott gatekunst, seier Nord.

– Og resultata er jo rett og slett fantastiske, seier Reistad.

Historia til gatekunsten

Saman med to anonyme medforfattarar gjev kunstekspert Walter Wehus ut ei bok om gatekunst i Bergen. Han meiner Bergen er Norden si leiande hovudstad innan den kontroversielle kunstforma.

– Det er fordi byen har eit konsentrert miljø, det er mange som driv med det og du finn mange ulike uttrykk, seier Wehus.

Også andre norske byar satsar på gatekunst. Kongsvinger har akkurat pynta opp bybildet sitt, Vardø har tilbydt hus til dekorering og denne veka startar den fjortande utgåva av gatekunstfestivalen NuArt i Stavanger.

Siste video

Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.
Programleiar: Tale Hauso
Se 30 timers sending oppsummert på 63 sekunder.