Hopp til innhold

Bergen braut avtalen med staten

Staten gav 550 millionar kroner for å få ned den samla biltrafikken i Bergen. No har kommunen og fylkeskommunen brote avtalen.

Danmarksplass

TRAFIKKEN SKULLE NED: Avtalen med staten var at biltrafikken i heile bomringen i Bergen skulle ned. Etter fire år er det berre trafikken i den indre bompengeringen som er redusert.

Foto: Jørgen Eide

Over ein periode på fire år tok Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune i mot 550 millionar i sokalla belønningsmiddel for å redusere forureinande biltrafikk i Bergen.

Tom-Christer Nilsen

– SKULDAST FOLKETALSAUKE: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen seier innbyggjarveksten er årsaka til at dei ikkje har klart å halde avtalen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Føresetnaden for statsstøtta var at trafikken i bomringen ikkje skulle auke. Men trafikken i heile bomringen er no større enn for fire år sidan.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen må konstatere at han og Bergen har brote avtalen med staten.

– Når det gjelder mål av totaltrafikken har me ikkje klart å oppnå det. Me har hatt ei stor befolkningsvekst i bergensområdet og større enn me hadde rekna med. Det gjer at transportbehovet aukar og dermed også trafikken, seier Nilsen.

LES OGSÅ: – Køprising vil nesten ikkje redusera trafikken | Bergen ville innføre en køprising som hadde gitt mer kø

Trafikken har auka gjennom bomringen

Regjering og Storting sette to krav som Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune forplikta seg til.

  • Biltrafikken inn mot Bergen sentrum skal i rushtida reduserast med fem prosent.
  • Den samla biltrafikken i bompengeringen i Bergen skal ikkje auke, sjølv om befolkninga eller talet på arbeidsplassar aukar.

At innbyggjartalet har auka, skal altså ifølgje avtalen ikkje vere grunn nok til avtalebrot.

LES OGSÅ: Han veit aldri når han kjem heim

– Tiltaka har verka best i sentrum

Trafikken gjennom alle bomstasjonane i Bergen skulle haldast i sjakk, men har i staden auka med 1,6 prosent, ifølgje sluttrapporten fylkeskommunen no har laga om belønningsmidla og effekten av kollektivsatsing og bompengeauke i bergensområdet.

Bergen forurensing luftkvalitet

FORUREINING: Støtta Bergen fekk frå staten skulle bidra til å redusere det mykje omtala «giftloket».

Foto: Pål Bentdal

Når det gjelder trafikken inn til bykjernen har fylkesordføraren og Bergen klart å halde avtalen med staten. I den indre bompengeringen er trafikken dei siste fire åra redusert med 5 prosent.

– Me har vore relativt gode på å oppnå det målet. Dei tiltaka me har sett i verk har hatt størst verknad i sentrumskjernen, seier Nilsen.

Vil det få konsekvensar at ein ikkje har klart å nå begge måla?

– Eg trur ikkje det. Hovudfokuset i belønningsavtalen har vore den indre kjernen i Bergen. Der har me nådd målet ganske godt, seier Nilsen.

LES OGSÅ: Warloe: – Kollektivtransporten må tredoblast