Hopp til innhold

Bergen blir ny

Arkitekturen i byen blir drastisk endra dei neste åra. Bybanen er årsaka.

Kart over fortetting av Bergen

PLANANE: Dei brune områda på karta er dei som skal fortettast.

Foto: Bergen kommune

Områda langs Bybanen er typiske einebustadsstrøk med store hagar. Dei neste åra skal mykje av området fortettast.

LES OGSÅ: - Bergensarane går mann av huse

Store planar

- Wergeland vil få eit nytt flott byrom med ein nyplanta Minde allé, vonar sivilarkitekt Maria Molden.

Ho har mange planar for mellom anna bydelen Wergeland i Bergen. I desse dagar samarbeider Molden i arkitektgruppa Cubus med kommunen for å finna ut korleis Wergeland skal byggjast ut.

- Det skal vera solfylt og fint å venta på bybanen på Wergeland. Kanskje ein kan få kinoen tilbake hit, filosoferer Molden.

LES OGSÅ: Og folket strøymer på

Vakta seg

Molden ser føre seg at fortettinga av Bergen langs Bybanen skal føra til meir opne areal og få stengte fasadar.

- Me vil ikkje ha høghus, men vanlege tette byromsløysingar som me kjenner godt frå andre stader. Me vil ha tettleik, og då kan me ikkje byggja høghus. Høghus treng større avstand mellom seg, sleg Molden fast.

Maria Molden

PLANLEGG: Maria Molden planlegg fortettinga av område rundt Bybanen. Her med ei skisse over Sandviken.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Molden meiner kommunen må passa seg for ivrige utbyggjarar.

- Dei må gjera ei god prioritering i kommunen, og dei må ikkje dispansera frå gjeldande plankrav i høve høgde og byggjelinjer, seier Molden.

Ikkje uroa

Byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, Lisbeth Iversen, er derimot ikkje uroa for aktive utbyggjarar.

- Me har ikkje tenkt å byggja høge skyskraparar slik at sola forsvinn og det manglar plass å spasera, seier Iversen.

Ho slår fast at kommunen vil stilla ein del kvalitetskrav til det som skal byggjast ut.

- Utbyggjarane skal saman med kommunen skapa kvalitetar, held Iversen fram. Me må unngå at me byggjer ei mil med identiske bygg eller med heilt like materiale, seier ho.

LES MEIR OM BYBANEN I BERGEN: Frp seier ja til meir bybane | Fleire byar snusar på Bybanen | Bybanen meir populær enn VM