NRK Meny
Normal

Berga sjark frå å bli knust i fjæresteinane

I full storm la Redningsskøyta K.G. Jebsen ut til Lysefjorden i går kveld. – Ein kjenner på adrenalinet, seier skipper Alfred Aalstrøm.

berging Lysefjorden

FULL STORM: Her er redningsskøyta K.G Jebsen på oppdrag i sterke vindkast. Vindstyrken blei målt til heile 25 meter i sekundet. Foto: Redningsskøyten K.G. Jebsen.

Blant dei som må tole kraftigare vêr enn andre, er mannskapet om bord på Redningsskøyta K.G. Jebsen. I full storm rykka dei ut til Lysefjorden i går kveld.

– Vinden var oppe i 25 meter i sekundet då me kom, og bølgene var oppe i to til to og ein halv meter. Det er forholdsvis friskt, seier skipper Alfred Aalstrøm.

  • Sjå video frå bergingsaksjonen øvst i saka

– Det var nok verre enn han trudde

Det var i halv seks tida fredagsettermiddag K.G Jebsen fekk melding frå ein sjark som hadde fått tette dieselfilter og ikkje kom seg av flekken.

– Havaristen låg berre nokre meter frå land då me kom fram, og låg i utgangspunktet litt i le. Han var ikkje så uroa der og då, men han skjønte nok at det var verre enn han trudde, då me byrja slepe han, seier skipperen.

– Korleis er det å vere på sjøen i sånt vêr?

– Ein kjenner jo på adrenalinet, eg må innrømme det. Det er spennande å beherske det. Når ein lærer seg å kjenne utstyret og har vore med ut eit par gonger, kjenner ein seg tryggare og tryggare, seier Aalstrøm.

LES OGSÅ: Blei fanga i uvêret: – Me hadde ingen kontroll

Redningsskøyta K.G Jebsen

LYSEFJORDEN: Her er redningskøyta K.G Jebsen på veg inn Lysefjorden i bølger på mellom to til to og ein halv meter.

Foto: Redningsskøyta K.G Jebsen

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik