Hopp til innhold

– Før sat eg i ro i ein stol. No har eg eit normalt liv

Som 16-åring fekk Gunnar Hollund ein sjukdom som gjorde at han ikkje kunne bevege hender og føter. For å trene seg opp igjen byrja han med treskjering.

Treskjerar

SJÅ REPORTASJEN: Bli med heim til treskjerar Gunnar Hollund. Reporter: Lene Granli | Foto: John Nøstdal | Redigering: Jarl Ormestad.

– Treskjeringa hjelpte meg tilbake til eit normalt liv. Før sat eg i ro i ein stol, seier Gunnar Hollund.

Han var berre 16 år då han fekk Raynauds sjukdom, ein sjukdom der dårleg blodsirkulasjon gjer at ein blir nomen i fingrar og tær.

For å trene opp igjen hender og føter fann Gunnar sine eigne løysingar som gjorde treskjering mogleg. På knivskaftet er det lagt inn ein kant, og skaftet er tilpassa hendene til hans.

Dermed kan han sitje time etter time i verkstaden, og hendene vert trent opp, akkurat slik som legane oppfordra han til.

Heimen full i trekunst

Heime hjå Hollund i Sagvåg er det ingen tvil om kva som tar opp tida hans. Ei av stovene har utskorne veggar, og huset er fylt opp med utskorne veggur, golvur, border, veggpynt og gardinbrett.

– Dette hadde eg ikkje hatt tid til om eg hadde kjerring og barn. Tenk alt som kunne vore gjort i Norges land om alle hadde vore som meg, seier Hollund og ler godt.

Sjølv om det nesten ikkje er plass til meir, vil han helst ha treskjeringsprodukta for seg sjølv.

– Eg er ein smålåten kar og tenkje helst på meg sjølv. Eg gir ikkje vekk eller sel noko, avsluttar han med eit smil.

Sjå tv-reportasjen om den blide treskjeraren øvst i saka.