Hopp til innhold

Beredskapen kan bli justert i løpet av helga

Politiet i Hordaland held beredskapen oppe. – Me ser ikkje bort frå at nivået kan bli justert i løpet av dei neste dagane, seier Politimeister i Hordaland politidistrikt, Geir Gudmundsen.

auka beredskap

HELD FRAM MED AUKA BEREDSKAP: – Me har bestemt at me skal ha fleire politi ved trafikknutepunkt og der mykje politi er samla. Ein del politi er uniformerte og difor synlege, og så har me politi i sivile kle ute, seier Politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Geir Gudmundsen

AUKA BEREDSKAP: – Det har vore spesielt. Men når det er sagt så har me klart å gjere det på ein god måte, seier Politimeister i Hordaland politidistrikt, Geir Gudmundsen.

Etter at PST i går varsla om at det kan komme eit terrorangrep mot Noreg dei neste dagane, auka politidistrikt over heile landet beredskapen

– Dei meldingane me har fått frå Politidirektoratet i dag, er på same nivå som i går, seier politimeister i Hordaland politidistrikt, Geir Gudmundsen.

Det vil seie at politiet førebels held det same nivå på beredskapen.

– Me har fått beskjed om at den auka beredskapen skal vare innanfor ein avgrensa tidsperiode, men me planlegger at det skal halde fram over fleire dagar. Kor lenge veit me ikkje før me får nærmare beskjed frå Politidirektoratet.

– Når noko spesielt skjer får me beskjed om det. Skjer det noko som har betydning for dette politidistriktet, så vil politiet få vite om det med ein gong.

Politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen

Gudmundsen seier dei kan komme til å justere beredskapen opp eller ned i løpet av helga.

LES OGSÅ: Politet på Voss kontrollerer tog - Hordaland

Både uniformerte og sivile politi i gatene

PST meiner personane bak terrorplanane skal ha reist frå Syria med mål om å angripe Norge.

Politimeister Geir Gudmundsen kan ikkje svare på om dette er tilfelle.

– Eg kan ikkje seie noko meir. Me gjer dei tiltaka me meiner er nødvendige i vårt område.

– Me har bestemt at me skal ha fleire politi ved trafikknutepunkt og der mykje politi er samla. Ein del politi er uniformerte og difor synlege, og så har me politi i sivile kle ute.

(Artikkelen held fram under biletet)

Væpna politi

VÆPNA: Politiet held i dag fram med å halde vakt ved Jernbanestasjonen i Bergen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Folk vil få meir informasjon etter kvart

Gudmundsen kjenner seg sikker på at Hordaland politidistrikt vil bli varsla dersom det kjem fram at terrorplanane skal dreie seg om konkrete mål i Hordaland.

– Når noko spesielt skjer får me beskjed om det, seier Gudmundsen. Skjer det noko som har betydning for dette politidistriktet, så vil politiet få vite om det med ein gong.

– Vil me få vite meir om kva dette gjeld på sikt?

– Ja. Nokre opplysingar går ein ikkje ut med når det skjer, men dette vil gjerne komme fram i ettertid. Då vil folk få vite kvifor me gjer det me no gjer.

Kalla folk tilbake frå jobb

Politikontroll på toget på Voss jernbanestasjon

KONTROLLAR: RUTINEKONTROLL: Politiet på Voss hadde væpna kontroll og gjekk gjennom toget då det stod på Voss jernbanestasjon i dag.

Foto: Arne Hofset

Politiet i Hordaland har kalla inn folk frå ferie.

LES OGSÅ: Har kalla inn ekstra styrker - Hordaland

– Det har gått veldig bra. Me har mange som jobbar hos oss og som er dedikerte til jobben sin. Når me treng ein ekstra innsats, så er dei villige til å avslutte ferien sin og møte opp for å gjere jobben me må gjere.

– Kor mykje ekstra kostar dette?

– Dette kostar. Men der me er no, reknar me ikkje på kronene. No gjer me jobben, så får me ta det økonomiske spørsmålet etterpå.

Situasjonen har vore spesiell for politiet, seier Gudmundsen.

– Det har vore spesielt. Men når det er sagt så har me klart å gjere det på ein god måte.

– Ikkje ver redde

Tall Ships' Races Bergen

– TRYGT PÅ TALL SHIPS RACES: – Bruk helga slik de hadde planlagt. Ikkje ver redde for å vere der det er mykje menneske, seier Gudmundsen.

Foto: Eivind Senneset

I går starta seglskutearrangementet Tall Ships Races i Bergen. Politiet har styrka beredskapen kring dette arrangementet, men Gudmundsen meiner folk kan kjenne seg trygge på Bryggen i helga.

– Eg skjønnar at folk bli engstelege. Men eg gjentek gjerne at eg kjenne meg veldig trygg på dette arrangementet. Det hadde blitt jobba mykje med tryggleiken alt før denne trusselen kom. Eg skal vere til stades heile helga, og eg er ikkje redd for at familien min skal vere med.

– Bruk helga slik de hadde planlagt. Ikkje ver redde for å vere der det er mykje menneske, seier Gudmundsen.