Ber SV stå saman om reinsing

Leiaren i energi- og miljøkomitéen på Stortinget ber SV stå saman om kravet om CO2-reinsing på det planlagde gasskraftverket på Mongstad.

Gunnar Kvassheim
Foto: Knut Falch / Scanpix

Gunnar Kvassheim, leiar for energi- og miljøkomiteen på Stortinget, kjem med ei klar oppfordring til landstyremøtet i SV, som finn stad denne helga.

- At dei står på det som så langt har vore ei heilt tydeleg melding; at gasskraftverk skal ha CO2-reinsing. Det er meiningslaust å gå vekk ifrå dette prinsippet, meiner Kvassheim.

SV sprikar i oppfatning

Han forventar altså at landsstyremøtet i SV i helga klart seier ifrå om at dei vil følgja utgangspunktet frå Soria Moria om at det ikkje vil bli godkjend bygging av eit gasskraftverk på Mongstad utan rensing frå dag éin.

Fredag meldte NRK at SV sprikar i spørsmålet om kor bastant ein skal stå på reinsekravet.

Mellom anna sa fylkesleiaren for partiet i Hordaland, Jørgen Melve, at han meinte det kunne vera aktuelt å gje Statoil byggjeløyve om dei kan garatera at det vil koma reinsing etterkvart.

- Under strenge føresetnader kan ein akseptera at reinsing ikkje er på plass frå starten av, sa han.

- Overraska

Kvassheim er overraska over det han meiner er klart i strid med Soria Moria-erklæringa.

- Den striden som skjer no vil avgjera om Soria Moria er eit forpliktande politisk grunnlag eller eit trekkspel som ein kan dra i alle moglege retningar, meiner Gunnar Kvassheim.