Hopp til innhold

– Bergen er i ferd med å bli ein klassedelt by

Sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) ber regjeringa auke den statlege bustøtta for å hindre at låglønte blir skvisa ut av byen. – Vi har ein uheldig samansetning i nokre bydelar.

Dag Inge Ulstein og Bergen

– UHELDIG SAMANSETNING: Sosialbyråd i Bergen kommune, Dag Inge Ulstein (KrF) meiner byen er i ferd med å bli klassedelt. No ber han regjeringa om å auke den statlege bustøtta.

Foto: Jon Bolstad/Britt Kristin Ese / NRK

– I Bergen ser vi at snittprisen på ein grei bustad med grei standard, er mykje høgare enn den statlege bustøtta. Så her må det oppjusterast kraftig, meiner byråd for sosial-, bustad- og områdesatsing i Bergen, Dag Inge Ulstein (KrF).

Folk med låg eller inga inntekt får bustøtte for å betale husleiga. Men bustøtta er mykje lågare enn leigeprisane i Bergen. Dette skapar ein klassedelt by der folk med låg inntekt samlast i bydelar der det er billeg å leige, meiner Ulstein.

– Vi ser at vi får ein uheldig samansetning i nokre bydelar der det er lågare prisar. Her kan regjeringa gjere grep.

Forskjellar mellom bydelane

Tal frå kommunen syner at mange som tek imot bustøtte er samla i dei same bydelane. Fana, Bergens største bydel, har berre halvparten så mange mottakarar av bustøtte som Laksevåg og Årstad.

Per Willy Amundsen (Frp) i kommunal- og moderniseringsdepartementet seier regjeringa vil vurdere å auke bustøtta.

– Eg trur vi alle ser oss tent med at vi ikkje samlar dei som har utfordringar i bustadmarknaden på ein stad. Eg er open for at dagens innretning av bustøtta må evaluerast. Det kjem vi også til å gjere i arbeidet med statsbudsjettet for 2015.

Meiner kommunen også har ansvar

Men han meiner staten ikkje kan ta ansvar for utviklinga i Bergen åleine.

– Det som eg vil peike på at det er ikkje berre staten sitt ansvar. Kommunane har også handlingsrom, meiner Amundsen.

Ulstein i Bergen kommune er samd.

– Jo. Og vi gir mykje kommunal bustøtte. Men vi ser at det ikkje har vore noko utvikling i den statlege bustøtta, så vi treng å gjere nokon grep der.