Hopp til innhold

Ber ordførarane droppe mastefest

Snart skal den omstridde kraftlinja i Hardanger feirast. Statnett har invitert ordførarane til fest, men mastemotstandar oppfordrar dei til å la vere å møte opp.

Synnøve Kvamme fjernes av politiet

DEMONSTRERTE: Ei bunadskledd Synnøve Kvamme vert fjerna av politi under ein av demonstrasjonane til Hardangeraksjonen.

Foto: Margrete Synnøve Jakobsen, Hardangeraksjonen / NTB scanpix

Synnøve Kvamme

– PASSAR IKKJE MED FEST: Synnøve Kvamme i Hardangeraksjonen vil ikkje at dei folkevalde skal delta på Statnett si feiring av kraftlinja mellom Simadal og Samnanger i slutten av januar.

Foto: Jørgen Eide

28. januar skal kraftlinja mellom Simadal og Samnanger feirast. Feiringa skal halda på ein heil dag i Norheimsund og Samnanger, med lunsj, aperitif og middag.

Mellom andre er ordførarar i Hardanger invitert til feiringa av kraftlinja. Men i lokalavisene i Hardanger i dag, ber Synnøve Kvamme i Hardangeraksjonen ordførarane i Ulvik, Granvin, Eidfjord og Kvam om å ikkje delta.

– Me oppfordrar til dette fordi ordføraren er ein representant av folket. Då er det rart at om dei deltek på ei feiring som det har vore så stor motstand mot frå innbyggjarane i Hardanger. Me tykkjer ikkje det passar me ein slik fest, for dette er jo ein fest og ikkje ein opning av mastene, seier Kvamme til NRK.

Omstridd kraftlinje

Linja i Hardanger har vore omstridd heilt sidan Statnett la fram planane i 2005. I 2008 gav NVE konsesjon til bygginga og protestane mot «monstermastene» var store.

Hardangeraksjonen var den største sivile ulydnadsaksjonen sidan protestane mot Alta-vassdraget på 1970-talet, og i spissen stod Synnøve Kvamme.

Men i desember 2013 var alt bygd og det går no straum gjennom linjene. Statnett ynskjer å feire bygginga.

– Vi har invitert ordførarar og samarbeidspartnarar. Vi ønskjer å markere at ei viktig linje i sentralnettet er ferdigstilt og håpar at dei som er invitert kjem. Det er mange som har bidrege og vi ynskjer å takka, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Irene Meldal til NRK.no

Ho er ikkje overraska over at Hardangeraksjonen oppfordrar ordførarar til å ikkje møte på arrangementet.

– Vi har forståing for at dei som har vore mot kraftlinja heile vegen framleis er i mot. Det er ikkje veldig overraskande.

Master i Hardangerfjorden
Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Skal ha markering

Hardangeraksjonen er ikkje invitert, men dei dukkar opp likevel, fortel Kvamme.

– Me planlegg ei stille markering i forbindelse med festen. Me vil minna dei på at sjølv om linja er oppe så har ikkje folk i Hardanger akseptert den og framgangsmåten til styresmaktene.

Kvamme fortel at dei har søkt politiet om løyve til markeringa, og at dei nok får tildelt eit område dei kan vera på.

– Me skal ikkje gjera så mykje ut av oss. Det er mest for at Statnett ikkje kan seie at Hardanger har akseptert mastene

Deltek ikkje

Ei av dei som følgjer oppfordringa frå Kvamme, er ordførar i Granvin herad, Ingebjørg Winjum (V).

- Vi deltek ikkje på feiringa. Det var vel ikkje eit menneske i Granvin som tykte dette var bra, seier Winjum til Avisa Hordaland.

Ho fortel at ho heller ikkje kjem til å vera med demonstrera, og at Statnett har fått forklaring på kvifor ho takkar nei til invitasjonen.

Ifølgje avisa melder også Ulvik-ordførar Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) fråvær, medan Asbjørn Tolo (H) i Kvam og Anved Johan Tveit (Sp) i Eidfjord har takka ja.

Bygginga av dei omstridde mastene i Hardanger går føre seg i stor skala. Vi har floge gjennom traseen for å sjå korleis mastene ruvar i terrenget.

SJÅ VIDEO: Slik ser kraftlinja i Hardanger ut.