Hopp til innhold

Ber om tre års fengsel for Drevland

Aktor meiner tidlegare advokat Odd Drevland ikkje bør få strafferabatt for å ha innrømma skyld.

Benedikte Høgseth

Konstituert statsadvokat og aktor i saka, Benedikte Høgseth, heldt sin sluttprosedyre i dag. Ho ber om tre års fengsel for Odd Drevland.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Konstituert statsadvokat Benedikte Høgseth heldt måndag sluttprosedyre i rettssaka mot tidlegare advokat Odd Drevland. Saka har gått for Bergen tingrett sidan førre måndag. Drevland er tiltalt for tre tilfelle av grovt økonomisk underslag på totalt 2,9 millionar kroner.

Aktor Høgseth la ned påstand om tre års fengsel for eksadvokaten, skriv Bergens Tidende.

– Forholdet er ikkje berre gjort mot forretningsklientar, men også private. Det er også klart skjerpande at det er gjort løpande underslag over totalt seks år, sa Høgseth ifølge BT under sin sluttprosedyre.

Tilståing ikkje formildande

Odd Drevland

Tidlegare advokat Odd Drevland, her frå ein anna anledning i retten.

Foto: Johansen, Rune / SCANPIX

Under si forklaring i retten førre veke, la Drevland alle korta på bordet.

– Eg innrømmer å ha tatt pengar eg ikkje hadde rett på, og at eg gjorde det med vilje, sa Drevland frå vitneboksen.

LES OGSÅ: Eksadvokat Drevland: – Jeg mistet grepet

Men at han innrømmer skuld bør ikkje gi Drevland noko strafferabatt meiner aktor Høgseth. Ho argumenterte for at tilståinga kom lovleg seint.

– Alle saksførebuingar var då gjort. Då Drevland tilstod var han kjent med alle av sakas dokument, og kva bevis vi hadde, sa aktor ifølge Bergensavisen.

Ba om mildast mogleg straff

Forsvarar Per Magne Kristiansen heldt også sin forsvarstale i dag. Han bad om at Drevland blir dømt på mildast mogleg måte.

– I ei ideell verd hadde han innrømma straffskuld frå dag 1, men han har kome med ei tilståing og det skal han profittere på, sa Kristiansen ifølge Bergens Tidende.

Dom i saka er venta om to veker.