Hopp til innhold

Ber om hjelp til å finne moglege lokkemenn

Politiet ber om hjelp i etterforskinga av to hendingar på Sotra og Askøy denne veka. Til saman skal fire barn ha blitt forsøkt lokka på.

Tveit skole

BER OM TIPS: – Eg vart ringt opp av dottera mi, som fortalde at dei hadde gøymd seg i skogen, fortel mora til eit av tre barna som torsdag kveld skal ha blitt lokka på av ein mann på skuleplassen ved Tveit skole på Askøy. Politiet ber no om tips etter to slike hendingar denne veka.

Foto: Tveit skole

Torsdag kveld skal ein mann ha forsøkt å lokke til seg tre barn på skuleplassen ved Tveit skole på Askøy. Dette skjedde dagen etter at ein mann skal ha forsøkt å lokke til seg ein gut i barneskulealder like ved Ågotnes skule på Sotra.

– Dei to forholda liknar på kvarandre, men det er for tidleg å seie. Vi undersøkjer saka nærare, sa politioverbetjent Thomas Sørensen ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt til NRK i går.

No går politiet ut med meir informasjon om hendingane. Dei ber om at personar som har opplysningar, eller som kjenner seg att i det barna har opplevd, tek kontakt.

Tok kontakt med guten i eit friminutt

Ågotnes skule

BER OM TIPS: Politiet på Sotra leitar etter ein mann som skal ha forsøkt å lokke på ein gut i barneskulealder. Det skal ha skjedd like ved Ågotnes skule i onsdag ettermiddag.

Foto: Skjermdump / Google Street View

På Ågotnes onsdag 3. september tok ein mann kontakt med eit barn som var ute i eit litt forlenga friminutt ca. kl. 13.30. Dette skjedde litt utanfor skuleområdet til Ågotnes skule, skriv politiet på si facebookside.

Mannen hadde med seg ein eldre bil, gyllen eller med liknande farge. Det skal vere snakk om ein stor personbil av litt høgare type.

Barnet gjekk tilbake til skoleområdet utan at noko skjedde, og bilen køyrde frå staden.

Leika på skulens område på kveldstid

FAU åtvarer foreldre på tekstmelding

SENDE SMS: Her er meldingane som FAU og leiinga ved Ågotnes skule sende ut til foreldra i går kveld og i dag tidleg.

Foto: Skjermdump / NRK

På Tveit barneskule torsdag 4. september tok ein mann kontakt med tre barn som leika på skulens område på kveldstid, mellom kl. 20.00 og 21.00.

Barna blei skremt av mannen, trakk seg unna og gjekk heim til foreldra og fortalde om hendinga.

Politiet undersøker no om det finst ein samanheng mellom desse episodane.

Veit ikkje kva hensikta har vore

Politiet seier dei får slike meldingar fleire gongar i året, og at det kan vere snakk om naturlege grunnar til at mennene har kontakta barna. Men det kan og vere snakk om personar som har hatt uærlege hensikter.

– Det er ikkje alltid det er grunnlag for å seie at nokon har forsøkt å gjera noko straffbart. Så no arbeider me med å få klarlagt kva som har skjedd. Me samlar inn informasjon, og etter kvart håpar me å få kontakt med vedkommande, sa Sørensen til NRK i går etter hendinga på Askøy.

Politiet skriv at dei ikkje har grunn for å stadfeste at desse hendingane har vore forsøk på å utføre ei kriminell handling.

Dei oppmodar likevel foreldre til å minne barn på at ein ikkje må bli med andre vaksne enn dei foreldra har tillate barnet å vere med.

Personar med konkret informasjon om hendingane, eller som kjenner seg att i hendingane, blir bedd om å ta kontakt med politiet på telefon 56315810 på dagtid, eller på telefon 02800.