Ber om ti års forvaring for overgrepstiltalt barnehageassistent

BERGEN TINGRETT (NRK): – Pågripinga av denne mannen hindra fleire overgrep, seier aktor. Pårørande krev opp mot 1,25 millionar kroner i erstatning.

Overgrepssiktet og salen i Bergen tingrett

JOBBA I BARNEHAGE: Rettssaka mot den overgrepstiltalte 33-åringen er inne i si tredje veke i Bergen tingrett.

Foto: NRK / Privat

– Forklaringa hans på overgrepa er at «det berre skjedde». Det seier noko om ein hemningslaus mann med kriminell og heilt feilaktig tilnærming til barn.

Slik omtalte aktor og statsadvokat Magne Kvamme Sylta den 33 år gamle overgrepstiltalte mannen, då han starta sitt sluttinnlegg i Bergen tingrett måndag.

33-åringen har erkjent 22 overgrep mot fem unge barn i perioden 2012 til 2016. Han vart til slutt avslørt då ein fire år gamal gut fortalde foreldra sine korleis barnehageassistenten hadde forgripe seg på han i barnehagen.

– Fleire overgrep ville skjedd

Aktor ordla seg slik då han skulle skildre betydninga av gutens vitnemål som vidare leia til arrestasjonen av 33-åringen.

– Pågripinga i april 2016 hindra nye overgrep mot fleire barn. Det er eg ikkje i tvil om.

Sylta gjekk gjennom saka i detalj og skildra kvart overgrep som dei sju barnehagegutane har blitt utsett for. Sluttprosedyren hans var så omfattande at tida ikkje strakk til måndag, og Sylta heldt fram tysdag.

– Korleis kunne dette skje? Jo, fordi ingen kunne sjå det. Den tiltalte var populær både hjå barna og dei tilsette. Han har gjort eit massivt tillitsbrot ovanfor foreldre og barn. Dette er ein mann med heilt uakseptable og ulovlege kjensler for barn, sa Sylta.

Aktor Magne Kvamme Sylta i Bergen tingrett under overgrepssaken i barnehager i Bergen

BER OM FORVARING: Statsadvokat Magne Kvamme Sylta er aktor i saka etter barnehageovergrepa i Bergen. Han meiner samfunnet må vernast mot den tiltalte 33-åringen og ba om forvaringsstraff.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Meiner barna har blitt manipulert

Han viste til hemmelegheitene som tiltalte har hatt med overgrepsoffera. Nokre fekk godteri, andre fekk spele spel på mobilen hans.

– Barna har blitt utsette for manipulasjon. Vi kan sjå det i avhøyra med dei. Nokre kan ikkje eller vil ikkje fortelje om overgrep, andre er opptekne av om tiltalte kjem i fengsel. Tiltalte har pålagt barna tausheit, meinte aktor.

Tiltalte erkjenner berre straffskyld for overgrep mot fem av barna. Men aktor bad dommarane tru på forklaringane til dei to siste gutane.

– Forklaringane deira meiner eg underbygger at overgrepa er i ein innleiande fase, slik det også var med dei fem andre barna. Hadde han halde fram i barnehagen, er eg ikkje i tvil om at også desse barna ville bli utsett for grovare overgrep, meinte Sylta.

Ber om ti års forvaring

33-åringen er også tiltalt for å ha fleire tusen overgrepsbilde av barn og fleire hundre videoar med same innhald lagra på PC-ar, iPadar og minnepennar.

– Det er påfallande likskapstrekk mellom overgrepsmaterialet vi har funne og dei overgrepa tiltalte har forklart han har gjort mot barna i barnehagen, poengterte Sylta.

Han viste til at tiltalte også har forsøkt å skjule sine spor på nettet ved bruk av program som skjular IP-adressene hans.

Dei mest alvorlege overgrepa i tiltalen er sidestilt med valdtekt i straffelova, og har ei strafferamme på 21 års fengsel.

Aktor viste til dom i saker av liknande karakter og argumenterte for ein straff på i overkant av 13 års fengsel for 33-åringen.

– Tilståinga hans er viktig for saka. Difor skal han også ha frådrag i straffa for det. Etter ei totalvurdering meiner eg straffa bør vera ti års fengsel.

Men lovbrota han har gjort er omfattande og av ein slik karakter at eg meiner det er fare for gjentaking. Han har vist at han manglar impulskontroll i nærleiken av barn. Min påstand blir ein straff på ti års forvaring, med ei minstetid på seks år og seks månadar, avslutta Sylta.

IMG_0146.jpg

VIKTIG TILSTÅING: Aktor Magne Kvamme Sylta føreslår eit frådrag i straffa for at tiltalte har komme med ei viktig tilståing i saka.

Foto: Jon Bolstad

Usamd i påstand om forvaring

Etter innlegget til aktor fekk bistandsadvokatane Rolf Knudsen og Espen Børjesson ordet. Førstnemde representerer fem av barna som tiltalen omfattar, medan Børjesson representerer dei to siste.

For sine ba Knudsen om erstatning på mellom 200.000 og 250.000 kroner for dei som er utsett for dei mest alvorlege overgrepa. Børjesson la ned påstand om erstatningskrav på mellom 50.000 og 150.000 for sine.

Totalt er erstatningskravet frå bistandsadvokatane på 1,25 millionar kroner.

Forsvarar Einar Råen vart ikkje ferdig med sitt sluttinnlegg tysdag, og rettsaka blir difor avslutta onsdag. Til NRK seier han at han er usamd med aktor påstand om forvaring.

– Eg meiner vilkåra ikkje er til stades for ein slik straff i denne saka, seier Råen.

Strafferettsleg tilrekneleg og pedofil

Måndag fekk retten også høyre dei rettspsykiatriske sakkunnige legge fram sine vurderingar i retten.

Psykiater Øystein Berle og psykologspesialist Knut Dalen har komme fram til at 33-åringen er strafferettsleg tilrekneleg og gir han diagnosen pedofil.

– Det er ein risiko for nye overgrep viss han jobbar med barn igjen i framtida, meinte dei.

Nytt avhøyr

Totalt har det vore over 30 vitneforklaringar i retten. Det er spelt av videoavhøyr av alle overgrepsoffera, og både foreldre og tidlegare kollegaer har møtt tiltalte ansikt til ansikt og forklart seg i retten.

Ingen av dei som den tiltalte tidlegare jobba med, mistenkte at 33-åringen forgreip seg på barna medan han var på jobb.

Måndag fekk retten høyre ein fersk forklaring frå guten som var det første offeret for fleire overgrep frå den tiltalte 33-åringen, tilbake i 2012 og 2013.

I tidlegare avhøyr har guten forklart at han ikkje hugsar noko, men no ville han fortelje om noko han har bore på lenge.

Bistandsadvokat Rolf Knudsen i Bergen tingrett under rettsaken etter barnehageovergrepa

NYTT AVHØYR: Eitt av overgrepsoffera var i nytt avhøyr med politiet førre veke. Bistandsadvokat Rolf Knudsen seier det var fordi han hugsa meir og ville fortelje.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Overgrepsoffer: – Fælt at vaksne gjer slikt

Det nye avhøyret vart gjort i førre veke på Barnehuset i Bergen.

– Han såg eit program på NRK Super om temaet i fjor, og har sidan tenkt på det. No ville han fortelje meir om kva han har opplevd og vi tok kontakt med politiet, seier bistandsadvokat Rolf Knudsen.

I avhøyret fortel guten om at han vart kyssa på munnen av tiltalte «mellom 30 og 50 gonger» medan han gjekk i barnehagen, og at tiltalte sa han ikkje måtte seie det vidare til nokon.

– Det har fått meg til å føle meg irritert og lei meg. Det er fælt at vaksne som gjer slikt får lov til å jobbe i barnehage. Eg tenker på det veldig ofte. Det var godt å få det ut, seier guten til politietterforskaren.

Aktor viste måndag til at fleire av barna har fått skadeverknader av overgrepa. Ein av gutane har fått diagnosen posttraumatisk stressliding.

– Eg hatar meg sjølv

Før aktor starta sin lange og omfattande avslutningsprosedyre fekk forsvarar Einar Råen stille tiltalte fleire spørsmål, mellom anna om kva han tenkjer om straffa som ventar.

– Eg håpar å få hjelp frå psykolog og soningsprogram i fengsel. Eg føler meg ikkje som noko godt menneske i dag. Eg håpar eg kjem ut som eit betre menneske, eg vil ikkje vera den eg har vore, svara 33-åringen gråtande.

Heller ikkje no har den tiltalte noko svar på kvifor han har utført overgrepa.

– Eg veit ikkje. Eg hatar meg sjølv og skjønar ikkje kvifor eg klarte å gjera dette, svara han forsvararen sin.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon