NRK Meny
Normal

– Hadde tankar om å drepe tilfeldige

Bistandsadvokaten og forsvarar ber om tvungent psykisk helsevern for mannen som har erkjent knivdrapet på Askøy.

Tiltalte i retten etter Herdla-drapet

I RETTEN: Den tiltalte i retten saman med forsvarer Egil Jordan. Her sa den tiltalte at han er i stand til å drepe igjen.

Foto: Ingvild Nave / NRK

27-åringen har innrømt at han drap bestekameraten på Herdla i desember i fjor. 32-åringen hadde 25 knivstikk i kroppen.

I retten i dag la forsvarar Egil Jordan ned påstand om at mannen vert dømt til tvungent psykisk helsevern, og trekte fram at det er stor fare for gjentaking, skriv Bergens Tidende.

– Eg meiner retten ikkje har anna moglegheit enn å dømme tiltalte overføring til tvungen psykisk helsevern, sa aktor Benedicte Høgseth avslutningsvis i Nordhordland tingrett torsdag.

– Har hatt drapstankar lenge

Drapet på Herdla

I desember i fjor vart ein 32 år gamal mann funnen drepen i ei av desse rorbuene på Herdla. I dag starta rettssaka etter knivdrapet.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Under den psykiske vurderinga har mannen forklart at han ved fleire høve har hatt drapstankar frå hausten 2013 og fram til drapet skjedde.

Han skal mellom anna ha tenkt på å drepe ein tilfeldig mann som gjekk forbi han i Bergen sentrum. Den tiltalte har forklart at han følgde etter mannen med klare tankar om at han måtte drepe mannen. Det skjedde ingenting den gongen.

I tillegg skal han ha hatt tankar om å drepe tidlegare naboar og si eiga mor.

– Mannen er svært sjuk

Professor i klinisk nevropsykologi, Knut Dalen, og overlege ved Haukeland universitetssjukehus, Jan Øystein Berle, har omtala mannen som svært sjuk i si vurdering av den tiltalte bergensaren.

– Symptoma mannen viser er alvorlege, og langt frå vanleg for personar med schizofreni, sa Berle i retten.

Bergensaren er tidlegare dømd for ei rekkje lovbrot, og har mellom anna ein dom for å ha knivstukke sin eigen far.

Aktor har i retten sagt at det ikkje er omstridd kva som skjedde på hytta på Askøy desemberkvelden i fjor.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2