Hopp til innhold

Ber om pengar til toalett

Hardangerrådet ber om at det blir sett av to millionar kroner i regional transportplan til å byggja offentlege toalett på sentrale stader i Hardanger. Mangel på toalett har vore eit problem i regionen, noko som har ført til klager både frå turistar og fastbuande. Turistar har i nøden brukt privat og offentleg grunn når dei må på do, og rådet meiner dette er uhaldbart og at det er behov for fleire toalett med tanke på turistauken dei siste åra.