Ber om meir pengar til ny veg

Fjaler og Gaular kommunar ber fylkestinget løyve 40 millionar kroner ekstra til utbetring av fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug, skriv Firda. Frå før har dei fått 60 millionar kroner. Planen er å finansiere deler av totalkostnaden med bompengar, men no meiner ordførarane at det er naudsynt med større løyvingar frå fylket for å få dette til.

Telehiv - fylkesveg 57 Bygstad
Foto: Ole André Rekkedal / NRK