BER OM FORVARING:
Statsadvokaten ber om forvaring i åtte år og tre månader for bergensaren som knivstakk ein ung student i Damsgårdsveien, skriv Bergens Tidende. 23-åringen er også tiltalt for å kasta varm matolje på ein fengselsbetjent. Forsvararen skal halde sin prosedyre torsdag.