Hopp til innhold

Ber om fire vekers varetektsfengsling

Det er bedt om fire vekers varetektsfengsling for mannen som er sikta for lekamsskading med døden til følge på Stord. Ein mann i 50-åra døde av skadane han fekk i etter ein slagsmål med den sikta 40-åringen.

Voldsepiode på Stord

FIRE VEKER: Det er bedt om fire vekers varetektsfengsling for den sikta i saka der ein mann i 50-åra døde etter eit slagsmål sundag.

Foto: Henrik Mundal Andreassen / Sunnhordland

Den sikta blir framstilt for varetektsfengsling i Haugaland tingrett klokka 13.00 tysdag. Fengslingsmøtet vil gå føre seg for lukka dører.

For dei fire vekene med varetektsfengsling er det bedt om to veker med brev- og besøksforbod, og to veker med brev- og besøkskontroll.

– Fare for bevisforspillelse ettersom saka er i startfasen, er grunnlaget for å begjæra fire veker varetektsfengsling, dei to første med brev- og besøksforbod og dei to neste med brev- og besøkskontroll, seier politiadvokat Thor Buberg i ei pressemelding.

Sat i avhøyr måndag

Måndag ettermiddag sat den sikta i avhøyr og forklarte seg om hendinga som enda med at ein 50-åring døydde.

To par skal ha vore saman gjennom natta, og skal ha drukke då dei byrja å krangle. Det endte i slagsmål, og mannen i 50-åra døde seinare på sjukehus av skadane han fekk.

– Av omsyn til etterforskinga kan ikkje politiet gå nærare inn på detaljane rundt kva den sikta forklarer seg om, seier lensmann i Stord lensmannsdistrikt, Roald Raunholm i er pressemelding.

Politiet fekk måndag ei munnleg orientering om resultata av obduksjonen, og av omsyn til etterforsking kan politiet ikkje gå inn på detaljar frå obduksjonen.

Kripos hjelper til

Krimteknikarar arbeidar framleis på åstaden, og Kripos er på Stord for å hjelpe til med tekniske undersøkingar.

Det er ikkje planlagt fleire avhøyr tysdag. Politiet opplyser at arbeid på åstaden og framstilling av den sikta vert prioritert.