Det opplyser politiet til NRK torsdag ettermiddag.
– I første omgang ber vi om fire veker med brev- og besøksforbod i heile perioden. Vi ber om fullstendig isolasjon og medieforbod i dei to første vekene, seier politiadvokat Ørjan Ogne.
Dei ønskjer lukka dører for å unngå at informasjon som kjem fram i retten skal koma ut i media.
Den sikta blir framstilt for varetektsfengsling i Nordhordland tingrett i Bergen fredag klokka 10.
– Har nok bevis
– Vi har nok bevis til å knytta han til åstaden. Det er forskjellige typar bevis. Vi har nok bevis til å konkludera med at han mest sannsynleg er gjerningsmannen, seier Ogne.
18-åringen frå Os blei pågripen tysdag kveld, og sikta for
i omsorgsbustaden hennar 1. nyttårsdag.Han bur i same nabolag som Feste, og skal ha blitt sett av to vitne som gjekk tur saman i området like før drapet skjedde.
Nytt avhøyr i kveld
18-åringen blir no avhøyrt på nytt.
– Det andre avhøyret med klienten min startar klokka 16 i ettermiddag. Det vil truleg halda på ei stund utover kvelden, seier forsvarar Rolf Knudsen til NRK.
Klokka 20.40 i kveld pågår framleis avhøyret av den sikta på politihuset i Bergen.
Den sikta har sagt at han ikkje forstår at han kan ha noko med drapet å gjera.
Han har forklart at han på drapskvelden var sterkt rusa etter å ha drukke alkohol tidlegare på dagen, og at han
.Siktinga kan bli utvida
Etterforskninga held fram med full styrke, blant anna ved at politiet går gjennom overvakingskamera.
– Han kan finnast på overvakingskamera. Politiet går no gjennom alt av materialet for å sjå om dei finn han igjen. Vi har gjort dette før, men no veit vi kva vi ser etter, seier Ogne.
Han vil ikkje kommentera om 18-åringen er avhøyrt om seksuelt misbruk. Men han utelukkar ikkje at siktinga kan bli utvida.
– Siktinga kan bli utvida. Det er muleg at det skjer allereie før fengslingsmøtet i morgon, seier han.