Ber om fire veker for rømling

Mannen i 20-åra som stakk av frå politiet på ferjekaien på Vangsnes i februar og vart pågripen i Bergen, vert i dag framstilt for ny fengsling. Han får ikkje strengare straff på grunn av at han stakk av, då det ikkje er straffbart å rømme under varetekt. Mannen skulle sitje i varetekt på grunn av ei narkotikasak. – I tillegg er han no sikta for biltjuveri, tjuveri av klede og vald mot offentleg tenestemann, seier politiadvokat Cathrine Schjelderup. Politiet ber om fire veker i varetekt.