NRK Meny
Normal

Ber om 15 års fengsel for drap på asylmottak

Aktor ber om 15 års fengsel for 29-åringen som er tiltalt for drapet på Mohamoud Ahmed Musse (45) på Ytrebygda asylmottak i Bergen. – Drapet ser ut til å vera uprovosert og uforståeleg, sa aktor Benedicte Hordnes i retten.

Video Politi-pressekonferanse om asylsøker-drap

ASYLMOTTAK: Mohamoud Ahmed Musse vart 22. mai 2012 drepen på Ytrebygda asylmottak på Ny-Paradis i Bergen

Foto: Nyhetsspiller

Fredag la aktor ned påstand om 15 års fengsel for den 29 år gamle afghanaren som er tiltalt for drapet på Mohamoud Ahmed Musse på Ny-Paradis i Bergen.

Det skriv avisa Dagen på sine nettsider fredag.

Les òg: Ali opplevde drapet på asylmottaket

– Uprovosert og uforståeleg

Benedicte Hordnes

AKTOR: Statsadvokat Benedicte Hordnes bad om 15 års fengsel i sin påstand.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Den 45 år gamle mannen vart drepen med minst 24 knivstikk på Ytrebygda asylmottak 22. mai 2012.

Ifølgje Dagen finn aktor ingen formildande omstende rundt drapet.

– Drapet ser ut til å vera uprovosert og uforståeleg, sa statsadvokat Benedicte Hordnes ifølgje avisa.

Den somaliske familiefaren som vart drepen hadde fem barn.

Forsvaret ber om frifinning

Randulf Schumann Hansen, som forsvarar 29-åringen i Bergen tingrett, la på si side ned påstand om full frifinning fordi tiltalte meiner mannen handla i naudverje.

29-åringen har heile vegen hevda at han vart angripen fordi han er kristen og har konvertert frå islam.

Les òg: 29-åring tiltalt for knivdrap på asylmottak

Samleside: Drap på asylmottak på Ny Paradis