Hopp til innhold

Fana-elevar: «Ver så snill, 100 år til»

Elevar frå Fana gymnas aksjonerte i dag mot nedlegging. – Legg heller ned i Fyllingsdalen og Laksevåg, foreslår elevrådsrepresentantar.

Elever protesterer mot at Fana Gymnas kan bli lagt ned

BYBANE-AKSJON: Elevar frå Fana gymnas har i morgontimane plassert seg på alle bybanestoppa i Bergen. Dei vil markera motstand mot forslaget om å legga ned skulen deira.

Med slagordet «ver så snill, 100 år til» stilte i dag tidleg fortvila fanaelevar opp på alle bybanestopp i Bergen for å demonstrera mot at skulen deira kan leggast ned.

Førre veke vart det klart at Fylkesrådmannen anbefaler at både Fana gymnas og Garnes vidaregåande blir lagt ned.

– Fana gymnas er ein skule som har over 100 år med tradisjonar. Blant anna med skuleteateret. Det er ein skule med sjel og har eit godt sosialt miljø, seier elev Amalie Hefre Lie.

– Me set veldig stor pis på skulen vår. Læringsmetodane på andre skular er ikkje dei same som på Fana. Me vil oppfordra folk til å stille opp på møtet i fylkesutvalet i morgon, seier ho.

– Kan ikkje legga ned i sør

– Fylkesrådmannen sitt hovudargument er at det er overkapasitet på skuleplassar i Bergen vest og nord. Då løyser du ikkje problemet ved å legga ned ein skule i Bergen sør, seier elevrådsrepresentant Susanne Traasdahl Wiborg.

Kvar femte pult på vidaregåande utdanning står ubrukt i Hordaland. 2 milliardar har blitt investert i nye skular og opprusting. Gamle skular må betala prisen, og leggast ned.

Fana gymnas

FRUSTRERTE: F.v. Ada Moe og Amalie Hefre Lie går i 3. klasse på Fana gymnas. Dei er stolte over skulen sin, og meiner argumenta for nedlegging ikkje heldt mål.

Foto: ALRIK VELSVIK / NRK

Men Katarina Helsengreen er ueinig i at Fana gymnas er ein stor utgiftspost for fylket. Ho peikar på at fråfall vil kosta meir enn det ein tener på å legga ned skulen.

INTERVJU: Her kan du høyra heile intervjuet med elevrådsrepresentantane i NRK Hordaland si morgonsending.

– Legg heller ned andre plassar

Dei to elevrådsrepresentantane foreslår nedlegging på Laksevåg og i Fyllingsdalen i staden.

– Ein må løysa problema der dei er. Difor foreslår me at Fyllingsdalen og Laksevåg kan legga ned plassar, seier Helsengreen.

– Vil ikkje det vera lika dumt for dei at skulen deira vert lagt ned?

– Mange frå Fyllingsdalen går allereie her i Fana. Dei har ein ti minutters busstur, noko som er veldig kort samanlikna med om me må reisa inn til sentrum eller til andre skular i Bergen vest.

På Laksevåg er dei også uroa over mogleg nedleggingar. Dei tilitsvalte skriv i eit brev på vegner av dei tilsette:

«Laksevåg videregående rekrutterer elever fra vår bydel, og vi vet at indre Laksevåg skårer lavt på levekårsindeksen. Når kun 25 % av ungdommene i området søker seg til studiespesialiserende, er et tilbud i nærmiljøet avgjørende for å få tallet opp på nivå med andre bydeler.»