Hopp til innhold

Ber nordmenn vera budde på straumlause dagar: – Bunkre opp med vatn og tørrmat

Tung snø har i vinter tatt straumen frå tusenvis av husstandar i fleire dagar. – Du bør alltid ha vatn og mat til å klare deg i minst fire til seks dagar, er anbefalinga frå Røde Kors.

Energimontører fra Otera bytter travers

LINJERYDDING: Denne veka var energimontørar i full gang med å bytte feste til leidningar på høgspentmaster i Kvinesdal. Mange og tunge snøfall har skapt utfordringar for kundar i vinter.

Foto: Ernst-Roar Williamsen

Tusenvis av husstandar på Sørlandet har denne vinteren vorte råka av straumbrot som følge av store snømengder. Fleire av dei har vore mange dagar utan straum.

Det er ikkje berre tung snø som kan føre til plutselege straumbrot. Ein eksplosjon i eit teknisk anlegg i Bergen tidlegare denne månaden gjorde 22.000 bergensarar straumlause i fleire timar.

Både straumselskap, Røde Kors og styresmaktene meiner nordmenn til ei kvar tid må vera førebudde på at straumen kan forsvinna i dagevis.

– Folk har såpass lite erfaring med langvarige straumbrot, at ein ikkje tek det heilt på alvor. Mange er nok mindre førebudde enn dei burde vere, seier administrerande direktør Jens Skår i BKK Nett.

Utolmodige

Han får støtte frå ei undersøking gjennomført av YouGov for forsikringsselskapet If, som viser at berre to av ti kjenner til myndigheitene si liste over kva ein bør ha heime i tilfelle ein krisesituasjon.

Skår trur langvarige straumbrot kan kome spesielt overraskande på folk i byane.

– I distrikta opplever vi at folk har større forståing og er betre førebudde enn i meir sentrale strok. Der er mange meir utolmodige med å få straumen tilbake.

Jens Skår

OPPMODAR FØREBUING: – Det er viktig at folk er førebudde på å kunne handtere ein situasjon der straumforsyninga er vekke i fleire dagar, seier Jens Skår i BKK.

Foto: Tone Bergen / NRK

Han understrekar at BKK varslar kundane dersom det er meldt uvêr og ein forventar at det kan bli straumstans.

– Spesielt i mindre geografiske område kan det skje at vi opplever skadar og havari på anlegga, som gjer at folk blir straumlause i periodar, seier Skår.

Ikkje førebudd

Også Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) meiner nordmenn bør vera best mogleg rusta mot uventa hendingar.

Dei presenterer denne lista over ting som nordmenn bør ha klart i heimen til ei kvar tid:

Røde Kors hjelper kommunar og styresmaktene ved krisesituasjonar. Dagleg leiar Lars Atle Skorpen i Røde Kors Hordaland meiner det framover vil bli meir fokus på kriseførebuingar.

– Vi bur i eit land der vi vande med at alt fungerer heile tida. Då blir det utfordrande dei gongene noko blir sett ut av spel. Det viktigaste er at ein då har tenkt gjennom kva ein treng og har det på plass, seier Skorpen.

Lars Atle Skorpen i Røde Kors Hordaland

MAT OG DRIKKE: Lars Atle Skorpen i Røde Kors Hordaland seier folk bør ha mat og drikke for minst fire til seks dagar ved uventa hendingar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Bunkre opp på drikke og mat

Som DSB har Røde Kors sett saman ei liste dei kallar «Beredskapsvettreglane».

To av dei totalt 16 punkta anbefaler folk å ha nok drikke og mat lagra for minst fire til seks døgn. Ein regel er å rekna to til tre liter vatn per person per døgn.

– Ved straumbrot eller andre uventa situasjonar er det tre ting som er viktig: Halde varmen, ha trygg drikke og etter kvart også ha mat. Ganske mange har tenkt på det, men ikkje så mange har gjort noko med det, seier Skorpen i Røde Kors.