Hopp til innhold

Ber kommunen fjerne regelen som hindrar Karina sin draum

– Eg har berre ein ting å seie til kommunen: fjern den regelen! seier Kari Kjonaas Kjos (Frp). Det hastar dersom rullestolbrukar Karina Harkestad skal få draumen oppfylt om eit semester i California.

Karina Harkestad

FEM VEKER: Vener og studentar har demonstrert for å få vekk regelen som seier at funksjonshemma Karina Harkestad ikkje kan reise vekk med assistenten i meir enn fem veker.

Foto: Marit Hommedal

Psykologistudent Karina Harkestad vurderer å gje opp draumen. Ho har kome inn på prestisjetunge Berkeley universitet i California, USA. I eit halvt år har ho kjempa for å få lov til å dra.

Årsaka er at Bergen kommune vedtok at innbyggjarar som er avhengig av assistent ikkje skal få reise vekk i meir enn fem veker. Harkestad har ein muskelsjukdom og har brukarstyrt personleg assistent (BPA).

Det er sålangt berre Bergen som har laga ei slik avgrensing av BPA-ordninga.

Får ikkje reise til USA

FÅR IKKJE DRA: Karina Harkestad kan ikkje ha deltidsjobb ved sidan av studiet. Ho trur studie ved prestisjefylte Berkeley kan hjelpe henne i konkurranse med andre jobbsøkarar med fyldigare CV enn henne.

Foto: privat

– Her vil eg berre seie til Bergen kommune, fjern den regelen!

Det seier Kari Kjonaas Kjos (Frp), leiar for helsekomiteen på Stortinget. Bergen er den einaste kommunen i landet med ei slik ordning, og Kjos meiner den strir med intensjonen bak BPA-ordninga.

Studentar og vener av Harkestad har arrangert protestar, og forsøkt samle inn underskrifter for å endre politikarane.

Skal ha same moglegheiter

– Vi har gitt dei BPA-ordninga nettopp for at dei skal ha same moglegheiter som alle andre, seier Kjos.

For Harkestad handlar det ikkje berre om opplevinga og eventyret med eit semester i utlandet. Ho er overtydd om at prestisjeskulen vil gje henne ein fordel når ho skal konkurrere mot funksjonsfriske psykologar på arbeidsmarknaden.

– Det begynner å haste, for eg skal jo begynne på skulen i august. Håpet blir mindre dag for dag, seier Harkestad.

Kari Kjønnaas Kjos, Frp

LEIAR I HELSEKOMITEEN: – Vi innførte ordninga med brukarstyrte assistentar nettopp fordi at funksjonshemma skulle få same moglegheiter som funksjonsfriske, seier Kari Kjonaas Kjos (Frp).

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Det er ikkje kostnadane som er problemet ifølge helsebyråd Hilde Onarheim (H). Ho meiner det er prinsipielt vanskeleg at kommunen skal ha det formelle ansvaret.

– Bergen kommune har ansvaret for helsetenestene Karina Harkestad har når ho bur i Bergen. Vi kan ikkje vere ansvarlege for dei når dei er i utlandet, seier Onarheim.

Sender kravet tilbake til staten

Ho sparkar ballen attende til staten og seier dei må ta rekninga og ansvaret.

– For vi er heilt samde i at det ikkje skal vere slik at dei som har eit handikap ikkje skal ha moglegheit til å reise, seier Onarheim.

Helseminister Bent Høie har skrive eit svar til stortingsrepresentant Audun Lysbakken (SV) at han ikkje kan overprøva kommunen i denne saka. Han får støtte frå leiaren for helsekomiteen på Stortinget.

– Og det byr på utfordringar her at kommunen faktisk er ansvarleg for tilbodet, seier Kjos.

Hilde Onarheim

HELSEBYRÅD: Hilde Onarheim seier det ikkje berre handlar om økonomi. – Vi er ansvarlege for tilbodet ho får, og vi kan ikkje vere det når ho er i utlandet, seier Onarheim.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Håpet svinn

Medan stat og kommune kranglar, er Harkestad oppgitt over at ingen kan skjære igjennom. Studiet i Berkeley startar i august, og det er mykje som må planleggast og leggast til rette for henne dersom ho skal rekke studiestart.

– Realistisk sett er det ikkje så stor sjanse no. Men det er vel så viktig at denne kampen skal andre i same situasjon sleppe å ta, seier Harkestad.