For å få budsjettet til å gå i hop neste år, har kommunestyret i Os vedteke å kutte 70 kommunale stillingar.
Ulovleg
Det er Framstegspartiet og Høgre som regjerer i Os kommune. Dei politiske motstandarane i Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at vedtaket om stillingskutt ikkje er lovleg og ber fylkesmannen sjekke vedtaket.
Eigedomsskatt
Årsaka er at det ikkje blir sagt noko om kor kutta skal kome. Ap og SV meiner at kommunen istaden for oppseiingar må krevja eigedomsskatt frå huseigarane i Os.