– Det blir organisert frivillig opprydding i og langs elva etter uhellet med bossbilen på torsdag, skriv elveeigarlaget på nettsidene sine.
Det flyt av hushaldningsavfall nedover elva etter at ein semitrailer køyrde utfor og
Det er framleis store mengder søppel i den kjende lakseelva i Sunnhordland, sjølv om
Dugnad fredag og laurdag
– Alle som kan vera med på dugnad kan møta på Røde Kors-huset fredag frå klokka 16 eller laurdag frå klokka 10, seier leiar Vidar Børretzen til NRK.no.
Folk blir bedne om at ta med støvlar, jernrive og redningsvest.
– Dei som har biltilhengar, traktor med tilhengar eller traktor med frontlessar blir bedne om å ta med dette, skriv elveeigarlaget.
Stor oppryddingsjobb
Det er uvisst kor lang tid det vil ta å rydda i elva.
– Vi må vurdera utover dagen kva vi gjer vidare. Vi må få ein oversikt når det lysnar og legga ein plan, sa ordførar Sigve Sørheim i dag tidleg.
– Det har danna seg ein holme av søppel midt ute i elva, seier NRK-reporter Egil Torheim like før klokka 9.
Det er så langt usikkert kva følgjer uhellet får for miljøet i elva.
– Heldigvis har vi ikkje sett daud fisk i elva enno, seier Vidar Børretzen, dagleg leiar i Etne elveeigarlag.