Hopp til innhold

Ber deg bruke påska til å «faste» frå mobilen

Hanna Gullbrå (20) er ein av mange unge tar pause frå alle skjermar.

Hanna Gullbrå

TASTEFASTE: Hanna Gullbrå vil ha skjermpause.

Foto: Eva Neteland / NRK

– Når eg ser alle andre som er så opphengde i mobilen, så vert eg redd for å verta sånn sjølv, seier Hanna Gullbrå.

20-åringen kjenner på eit press til å følgje med på alt som skjer på sosiale medium.

Men no skal ho droppa mobil og data i sju dagar. Ho er del av ei ny trend blant unge kristne:

«Faste» frå skjermen.

Tradisjonelt har kristne fasta frå mat i 40 dagar før påske. No er det måtehald med mobil, data og internett som gjeld.

Meiner alle kan ha godt av faste

Ein NHH-studie frå 2015 syner at nordmenn i snitt sjekkar mobilen kvart sjette minutt. Altså 150 gongar i døgnet.

Det er organisasjonen Tro og medier som står bak kampanjen «Skjermfri», som Hanna Gullbrå og fleire deltek i.

Dei trur alle, uansett tru og religion, kan ha godt av å faste litt på raude dagar.

– Me har oppfordra til å skru av mobiltelefon, data og fjernsyn i ei veke, utanom jobb og skule, seier kommunikasjonsansvarleg Simen Søvik i Tro og medium.

Han opplever at folk ikkje snakkar saman lenger, og ynskjer å oppfordra til å bruka den skjermfrie tida til vener og familie.

Simen Søvik. Tro og medier.

– DROPP MOBIL: Kommunikasjonsansvarleg i Tro og medium, Simen Søvik oppfordrar til å droppa mobil for å fokusera på relasjonane ein har i livet.

Foto: Eva Neteland / NRK

– Ein anna ro

Hanna Gullbrå vil heller bruka tida på vener og handarbeid. I tillegg vil ho lesa i Bibelen og be til Gud.

– Jesus er den viktigaste personen i mitt liv, så den relasjonen vil eg halda ved like.

Mobilen ligg på soverommet døgnet rundt.

– Folk har kome i kontakt med meg ved å ringa til venene mine. Så formidlar dei vidare til meg for å gjera ein avtale, seier Gullbrå og ler.

Å vera skjermfri meiner ho har vore utfordrande, men positivt.

– Eg får ein heilt anna ro inni meg. Det er godt å fokusera på andre ting, tykkjer Gullbrå.

Broderer pennalhuset

ANDRE AKTIVITETAR: Hanna Gullbrå får brodert pennalhuset sitt ferdig.

Foto: Eva Neteland / NRK

– Det sit djupare

Brita Ytre-Arne ved Universitetet i Bergen forskar på digital avkopling. Ho kan forstå at enkelte kjenner eit behov for å kutta skjermbruken.

– Eg trur det er tankevekkjande for dei som er prøver å droppa skjermar, men at uheldige sider ved skjermbruken ikkje berre forsvinn ved å gjere dette.

Ho peiker på at samfunnet er lagt opp slik at ein omgjev seg med skjermar. Difor er det nødvendigvis ikkje noko ein berre kan velje vekk.

– Det sitt djupare, og handlar om måten me lever liva våre på, meiner Ytre-Arne.

Brita Ytre-Arne

FORSKAR PÅ AVKOPLING: Brita Ytre-Arne, Førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Eva Neteland / NRK