Hopp til innhold

Ber bilistar vere obs: Mange vegar er blitt forkøyrsveg

Fylkesvegar fleire stader i Hordaland er omgjort til forkøyrsvegar. Statens vegvesen håpar å flytte bilistane sitt fokus over på fotgjengarar.

Forkjørsvei i Stavanger

FORKØYRSVEG: Skiltet i midten, som betyr at køyrande som kjem frå sideveg eller kryssande veg er pålagd vikeplikt, dukkar no opp stadig fleire plassar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Tradisjonelt har høgreregelen vorte oppfatta som eit enkelt og billig trafikksikringstiltak, men no viser det seg at forkøyrsregulering faktisk betrar sikkerheita for trafikantane, seier senioringeniør i Statens vegvesen vest, Tore Bergundhaugen.

Etter fleire alvorlege ulukker på Austlandet for nokre år sidan, vart det utarbeida rapportar som viste at spesielt fotgjengarar og syklistar er tryggare på vegar med forkøyrsregel.

– Ikkje så overraskande gjeld dette på landeveg, men òg i byområde. Med utgangspunkt i dette vart det fatta eit prinsippvedtak om at vi ønska å endre policy for heile landet, seier Bergundhaugen.

Fleire endringar

Frå før er dei fleste riksvegar forkøyrsregulerte, og no vert dette regelen òg for stadig fleire fylkesvegar.

I Bergen er følgande fylkesvegar allereie omgjort – eller planlagd omgjort – til forkøyrsvegar:

  • Fv. 175 Ådland–Espeland
  • Fv. 185 Midtun–Nesttun
  • Fv. 189 Paradis–Fjøsanger
  • Fv. 239 Ulset–Myrdalskogen
  • Fv. 240 Støbotn–Hesthaugen
  • Fv. 241 Tertnes–Morvik
  • Fv. 243 Salhus–Tellevik
  • Fv. 174 Hjellestad–Milde
  • Fv. 164 Hausdalen–Kalandseide
  • Fv. 253 Kanalveien
  • Fv. 254 Minde Allé
  • Fv. 251 Hagerups Veg
  • Fv. 284 Bønesskogen–Øvre Kråkenes
  • Fv. 285, 286, 287 i Fyllingsdalen/Bønesskogen

– Utover dette føregår det òg arbeid utanfor Bergen. Fleire stader er det endringar på gang, så folk må fylgje med, seier Bergundhaugen.

Han fortel at det tek tid å få endra alle vegane, då det inneber både administrativt arbeid og fysiske endringar av skilt og oppmerking.

Kanalveien er blitt forkjørsveg

VIKEPLIKT: Kanalvegen i Bergen har denne veka vorte forkøyrsveg. Her frå Elvebakken.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Kva vurderingar ligg bak når ein gjer ein veg om til forkøyrsveg?

– Vi må vurdere geometrien og standarden til vegen, samt sjå på kryss og siktforhold for å vurdere at det heldt mål.

Vil endre fokus

Ei av dei viktigaste årsakene til at forkøyrsregelen no vert innført fleire stader, er at vegvesenet vil flytte bilistane sitt fokus.

– Vi håpar å flytte fokuset vekk frå vegar til høgre og over på syklistar og mjuke trafikantar. Statistikken er utelukkande positiv etter at vegar er omgjort til forkøyrsveg: Nokre stader var det enkelte mindre alvorlege ulukker like etter endringa, men over lengre tid fekk vi reduserte ulukkestal både for bil og fotgjengarar, seier Bergundhaugen.