Legg bort politisak mot kommunen etter dødsras

Statsadvokaten legg bort saka mot kommunen som «intet straffbart forhold». Familien til avdøde Kristine Anette Andersen har allereie klaga på vedtaket.

Ras på Votlo på Osterøy, dagen etter

GJEKK GJENNOM HUSET: 7. desember 2017 trefte store jord- og steinmassar huset til Kristine Anette Andersen og Robert Lillejord.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

38 år gamle Kristine Anette Andersen mista livet i desember 2017 då raset på Votlo på Osterøy trefte huset ho og familien budde i.

Politiet starta undersøking av raset, men la bort saka som undersøkingssak.

Det fekk Robert Lillejord, den avdøde kvinna sin sambuar, til å klage til Riksadvokaten.

Riksadvokaten svarte med å beordre full ny etterforsking, for å finne ut om kommunen kunne straffast for raset.

No har Statsadvokaten i Hordaland også lagt bort den moglege straffesaka etter dødsraset. Det skriv Bygdanytt i dag.

Kristine Anette Andersen

MISTA LIVET: Kristine Anette Andersen (38) mista livet i raset.

Familien har allereie klaga

Statsadvokat Benedikte Høgseth fortel til NRK at avgjerda om å legge bort saka allereie er klaga på, og at dei ikkje kan kommentere saker under behandling hos riksadvokaten.

NRK har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå politiadvokat Trygve Ritland, som har hatt påtaleansvaret i saka.

Bistandsadvokat til Robert Lillejord, Ingrid Aksnes, seier at dei ønskjer ei grundigare undersøking av forhold som kan ha medverka til hendinga.

– Det er gjort fleire geologvurderingar etter raset som har peikt på at menneskeskapte tiltak kan ha påverka. Etter vårt syn er det då viktig at desse tiltaka vert undersøkt av politiet, slik at vurderingane bygger på eit riktig grunnlag, seier Aksnes til NRK.

Store nedbørsmengder

Tidleg om morgonen 7. desember losna store jord- og steinmassar over huset Andersen og familien budde i. Raset gjekk gjennom soverommet der ho låg og sov, og familie og vener måtte grave etter henne med berre nevane.

Ho blei frakta til Haukeland sjukehus, men livet stod ikkje til å redde.

Raset var hundre meter langt og ti meter breitt.

Ras Votlo

STORE NEDBØRSMENGDER: NVE hadde sendt ut gult farevarsel dagen raset gjekk.

Foto: NRK

Skredet var naturleg utløyst

I november i fjor publiserte Sweco sin rapport etter dødsskredet. Der kom dei fram til at både hellinga på bakken, nedbør og menneskeskapte faktorar truleg medverka til skredet.

Etter at den første saka blei lagt bort, klaga Lillejord. Dette fekk han medhald i av Riksadvokaten. Ein ekspert frå Noregs Geotekniske Institutt (NGI) var med i politiet si etterforskingsgruppe, skriv Bygdanytt.

NGI kjem i sin rapport mellom anna fram til at «skredet i hovudsak må anses som naturlig utløst, og forårsaket av høy nedbør».

Det kjem òg fram i rapporten at skredfaren i området skulle ha vore vurdert då huset blei bygd i 2005.

Politiet meiner likevel at kommunen ikkje kan haldast ansvarleg for dette, fordi det skal mykje til for ein kommune å bli heldt ansvarleg for erstatningsansvar, skriv avisa.