Belgisk turist vart påkøyrd og drepen – bilisten blir ikkje straffa

Mannen var på sykkelferie i Noreg då han mista livet i Raunekleivtunnelen. Dårlege vegforhold er mellom årsakene til at Statsadvokaten no legg vekk saka mot sjåføren som køyrde på han.

Politiet i ulukke der syklist døydde

PÅKØYRD BAKFRÅ: Den omkomne var del av eit følge på fleire erfarne syklistar frå Belgia. Nokre hundre meter før tunnelmunninga vart han påkøyrd bakfrå av ein mann i slutten av 80-åra.

Foto: Jon Bolstad

I juli 2017 omkom ein belgisk sykkelturist då han vart påkøyrd i Raunekleivtunnelen på fv. 7 i Samnanger. Ein mannleg bilist i slutten av 80-åra vart sikta for påkøyrsla.

Dødsulukka skapte ein stor debatt om tryggleiken for sykkelturistar på norske vegar. Det var også første gong at Havarikommisjonen granska ei sykkelulukke.

No er også straffesaka avgjort.

Saka mot bilføraren, som vart sikta for aktlaus køyring, er lagt vekk av Statsadvokaten.

Sykkelulykke

STORE SKADER: Sykkelramma knakk i fleire deler og bakhjulet vart deformert i samanstøyten. Ifølge eit vitne heldt bilen ein fart på kring 70 km/t då ulukka skjedde.

Foto: Statens havarikommisjon for transport

Mørk tunnel og ingen refleks

Politiadvokat Kjersti Katrine Svendsen seier til NRK at dette er i tråd med hennar innstilling. Dei meiner sjåføren ikkje kan klandrast for at han ikkje såg syklisten.

– Saka er lagt vekk på bevisets stilling. Dødsfallet skjedde som følgje av ei serie med uheldige omstende, seier Svendsen til NRK.

Ho peikar på dei forholda som Havarikommisjonen meiner bidrog at ulukka skjedde:

  • Det var mørke tunnelveggar og dårleg lys i tunnelen.
  • Syklisten brukte ikkje refleksvest og var lite synleg trass i at det var baklys på sykkelen.
  • Sjåførens alder indikerer at han også kan ha hatt eit redusert mørkesyn.
  • Alternativ veg for syklistar utanom tunnelen var ikkje skilta.

– Sjåføren vart fråteken førarkortet etter ulukka og har ikkje søkt om å få det tilbake, legg Svendsen til.

Politiadvokaten seier syklisten hadde på seg ei raud sykkeldrakt og at denne vart heilt svart inne i den mørke tunnelen.

– Dette kan vera ei påminning til syklistar om at det er lurt med refleksvest, også på sommaren.

Tunnel der dødsulykke skjedde i Samnanger

GRANSKING: Ulukka i Raunekleivtunnelen var den første sykkelulukka som Havarikommisjonen har granska.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Køyrde frå staden

Den omkomne var ein 58 år gamal lærar frå Belgia, og var del av eit følge på tolv syklistar.

Ingen i sykkelfølget fekk med seg den fatale påkøyrsla. Sykkelfølget var splitta då dei sykla gjennom tunnelen i retning Hardanger. Den omkomne belgiaren var bakarste mann då han vart treft bakfrå av personbilen.

Sjåføren fekk heller ikkje med seg at han hadde køyrd på ein syklist. I ettertid forklarte han politiet at han trudde det var ein stein som trefte frontruta.

Sjåføren vart stoppa etter at politiet fekk tips frå bilistar om skadane på bilen.

Har gjort utbetringar

Også Statens vegvesen sette i gang gransking etter ulukka. Etter å ha sett nærare på elleve tunnelar, enda dei likevel opp med ikkje å stenge dei for syklistar.

Ved Raunekleivtunnelen er det gjort fleire forbetringar.

Totalt er det sett opp tolv nye skilt ved tunnelen. Mellom dei skilt som syner den alternative vegen rundt tunnelen og skilt som åtvarar bilistar om at det kan vera syklistar i tunnelen.

I tillegg vart det bestemt å kvitkalka tunnelveggane for betre lysforhold.

Raunekleivtunnelen fv 7 Samnanger

MØRK TUNNEL: Raunekleivtunnelen på fylkesveg 7 i Samnanger. I retning Hardanger går tunnelen i ein slak nedoverbakke. Fartsgrensa var 80 km/t då ulukka skjedde.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Søk i valresultata

valg-dekorasjon