Hopp til innhold

Bekymra for prisdumpinga av kalkun

Låge prisar på kalkun og kylling uroar produsentane. – Det gjer at forbrukaren trur kvitt kjøt skal vere billig og på tilbod heile tida, seier dagleg leiar i Stange Gårdsprodukter.

Pakker med kyllingkjøtt

BILLIG: – Det skadar omdømmet til produktet at prisen på kvitt kjøt i butikkane er så låg, meiner Nortura og Stange-kylling.

Foto: Petter Nielsen / NRK

Å kjøpe sokalla «kvalitetskylling» frå Stange har blitt langt billigare for butikkundane. Heil kylling frå Stange kostar no nesten like lite som den masseproduserte Priorkyllingen frå Nortura. Kalkun vert også seld til ein pris på under 30 kroner kiloen.

Peter Aronsen

– Generelt meiner me kylling bør få ein høgare pris, seier administrerande direktør Peter Aronsen i Stange Gårdsprodukter.

Det skadar omdømmet til produktet, meiner administrerande direktør Peter Aronsen i Stange Gårdsprodukter.

– Den prisen er manipulert. Forbrukaren får eit bilete av at kylling skal vere billig og på tilbod heile tida, og det er eit forvridd bilete.

LES OGSÅ: Regjeringen tillater økt kyllingproduksjon

Daglegvarekjedene prisar ned kvitt kjøt

Det er ikkje produsentane sjølve som prisar kylling og kalkun så lågt, seier Aronsen.

– Kyllingane er ikkje vorte billigare å kjøpe frå oss, men sidan dei no seljast på Rema 1000, er dei billigare å kjøpe enn der me har hatt dei for sal tidlegare år.

Han forsikrar om at priskuttet ikkje har gått ut over verken kvalitet eller dyrevelferd.

– Der er det ingen skilnad i det heile tatt. Det er same kyllingen, same foret og same produsenten som alltid.

LES OGSÅ: Stangekylling øker i popularitet

kalkun-pris

KUNSTIG LÅG PRIS? Det kostar vesentleg meir enn 29,90 å produsere ein kilo kalkun, seier Åse Kringlebotten i Nortura.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Prisane blir kunstig låge

Nortura likar heller ikkje prisdumpinga av norskprodusert festmat.

Kyllingfilet

– FOR BILLEG: Prisen på norsk kylling bør opp, er Nortura og Stange Gårdsprodukter samde om.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Me er jo litt uroa for omdømmet dette flotte norske kjøtet får når prisane blir kunstig låge. Det er det jo butikkjedene sjølve som styrer, seier informasjonssjef Åse Kringlebotten.

Om det står 29,90,- på butikkhylla under kalkunen, kostar det vesentleg meir enn 29,90 kroner å produsere ein kilo kalkun, seier ho.

– Eg trur nok me i alle fall kan seie det er dobbelte. Det er trist for bøndene, som seier dei rett og slett blir lei seg for at matproduksjonen ikkje blir verdsett meir.

Rema 1000: – Bøndene får det dei skal ha

Også Stange kylling er oppgitt over at ein kan få kalkun til 29 kroner kiloen.

– Kalkun er ikkje spesielt billig, men kan nok ofte bli brukt som tilbodsvare i butikk og det er synd. Det er framleis dyrt å produsere det, slik som det er å produsere kylling. Generelt meiner me kylling bør få ein høgare pris.

Rema 1000 skriv i ein e-post til NRK at bonden og alle andre får sin rettmessige betaling sjølv om enkelte produkt blir selde med tap.

LES OGSÅ: Ventar kylling-kritikk frå dyrevernarar