NRK Meny
Normal

1500 sider med bevis i Skype-saka: Tiltalte beklaga at han lurte unge jenter

BERGEN TINGRETT (NRK): Avslørt då ei mor oppdaga samtalane mellom tiåringen og 27-åringen på familiens iPad.

Bevismateriale i Skype-saken i Bergen tingrett

1500 SIDER: Politiet har samla eit stort bevismateriale i «Skype»-saka. Med seg i retten har aktor over 20 ringpermar med loggar av Skype-samtalane.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Den 27 år gamle mannen frå Bergen sette seg i vitneboksen like etter klokka 11.15 tysdag. Han beklaga seg til dei svært mange fornærma barna i «Skype»-saka.

– Det eg har gjort er ikkje greitt og eg angrar veldig. Eg håpar bistandsadvokaten bringar vidare mi unnskyldning om det eg har utsett dei for, sa 27-åringen og såg bort til koordinerande bistandsadvokat Beate Hamre.

Mannen er tiltalt for seksuelle overgrep og krenkingar over nettet mot 48 jenter og ein gut, samt for å ha nær 400 bilde som viser seksuelle overgrep mot barn eller seksualiserer barn lagra på datamaskina si.

Aktor Cathrine Krohn brukte nesten ein time på å lese om den omfattande tiltalen då hovudforhandlinga byrja Bergen tingrett i dag. Offera i saka kjem frå heile landet.

Kom inn i ein «vond spiral»

I retten fortalde aktor at tiltalte har fått kontakt med dei unge jentene via offentlege nettpratsider som Omegle og chat.no. Deretter har han fått Skype-adressene til jentene og heldt fram nettpraten privat der.

– Det var eg som drog dei inn i dette. Alt er min feil og eg tek 100 prosent ansvar for det. Eg var til tider einsam og kom inn i ein vond spiral, forklarte 27-åringen.

Han sa at han kunne bruke fleire timar om dagen framfor datamaskina, der han forsøkte å få kontakt med jentene.

Han innrømma at han til jentene gav seg ut for å vere ein gut mellom 13 og 16 år.

Aktor Krohn fortalde i sitt opningsinnlegg at mannen var svært pågåande og intens i kontakten med jentene. Ho las opp fleire eksempel på tiltales svært grove ordbruk i samtalene med barna.

– Mi meining er at det er dei sjølve som har kontroll på kva som skjer, men så har eg nok halde fram med å mase på dei etter at dei sa nei til å gjere ting, erkjente mannen.

Aktor og politiadvokat Cathrine Krohn i Bergen tingrett under Skype-saken

OMTAFFANDE SAK: Aktor Cathrine Krohn brukte nesten ein time på å lese opp den omfattande tiltalen mot 27-åringen i retten tysdag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Glad for å bli tatt av politiet

Han prøvde å unngå chattesidene i periodar, men kom alltid tilbake.

– Eg syns det var veldig greitt å bli tatt av politiet. Det var min moglegheit til å komme meg ut av dette. Så eg syns det var ei lette å bli tatt av politiet, innrømma 27-åringen.

Forsvararen hans kritiserer politiets tidsbruk i saka. Det har gått over tre år sidan mannen vart pågripen og sikta.

Saka starta då ei mor på Austlandet fann chatteloggen mellom mannen og hennar ti år gamle dotter på familiens iPad.

Saka vart meld til det aktuelle politidistriktet i slutten av mars 2014. Den hamna på bordet til Vest politidistrikt nokre månadar seinare då det var avdekka kven mannen var.

27-åringen var pågripen og sikta i slutten av november 2014. Politiet tok beslag i mannens datautstyr og fant deretter fram til fleire offer over heile landet.

Jente (10): – Eg var redd for å møte han på gata

Retten fekk i dag høyre eit avhøyr av jenta som var ti år då nettovergrepa skjedde. Ho hadde saman med ei venninne på same alder møtt tiltalte på nettstaden Omegle.

Ho fortalde at tiltalte etter kort tid hadde spurt om dei ville snakke på Skype i staden. I løpet av nokre dagar var det fleire Skype-samtalar mellom mannen og barna, der han gav seg ut for å vera ein 13 år gamal gut.

Mannen er no tiltalt for å ha fått jentene til å vise seg avkledd og gjere seksuelle handlingar med seg sjølv på webkamera.

– Eg hadde ikkje lyst til det. Etterpå var eg redd for å møte han på gata, fortalde tiåringen til spesialetterforskaren.

– Eg tenkte «fy faen»

Sjølv seier 27-åringen at han i samtalen med tiåringen skjønte at han no hadde gått for langt.

– Eg hugsar veldig godt det som gjorde at eg vart politimeld. Når samtalen med ho var over tenkte eg «fy faen, dette er noko av det verste eg har gjort». Det gav meg ein veldig dårleg følelse.

27-åringen er også tiltalt for å ha bilde av overgrep mot barn lagra på datamaskina. Han nektar straffskuld for dette. Noko av det svært grove materialet blei vist fram for retten i dag.

Tiltalte avviser at han var avhengig av seksualisert kontakt med mindreårige. Han hevdar den «sosiale kontakten var det viktigaste».

– Eg blir ikkje seksuelt tiltrekt mot barn. Dette gav meg ingenting, hevda han.

Mykje bevismateriale

Bistandsadvokat Beate Hamre spurte tiltalte om han tenkte over at kontakten han hadde med barna kunne vera skadeleg for dei.

– Eg gjorde meg tankar om det sjølvsagt.

– Så du heldt fram sjølv om du visste at dei kunne bli psykisk sjuke av det, påpeika Hamre for retten.

Politiet sit med omfattande bevismateriale i saka. Ein av etterforskarane i saka forklarte i retten at dei har over 50 timar med avhøyr av fornærma, samt over 1500 sider med loggar frå Skype-samtalene.

– I snitt hadde han månadleg kontakt med ni-ti av dei fornærma jentene i perioden mars 2013 til november 2014.