Hopp til innhold

Begge skjermane svikta før fallskjermhopparen krasjlanda: – Svært sjeldan

Luftsportsforbundet meiner mannen i 30-åra hadde flaks som berga livet. No vil dei granska ulukka, og bed politiet om bevismateriale.

Fallskjermulykke Voss

SPANN OG GJEKK I BAKKEN: Tilstanden var rekna som alvorleg for fallskjermhopparen i 30-åra som gjekk i bakken på Bømoen på Voss. Dagen etter blei han skriven ut.

Foto: Rune Haugseng

Ein fallskjermhoppar som deltok i Ekstremsportveko blei fredag innlagd med det Voss sjukehus rekna som alvorlege skadar etter å ha gått i bakken ved Bømoen.

Ifølge fleire vitne fekk nordmannen i 30-åra problem i lufta, og trefte bakken i stor fart.

– Fallskjermhopparen gjekk i spinn ganske høgt oppe. Det heile såg først planlagd ut, men så mista han kontrollen, sa vitnet Rune Haugseng.

Skriven ut dagen etter

Allereie laurdag var hopparen utskriven frå sjukehus, og tilbake på hoppefeltet, opplyser dagleg leiar i Voss fallskjermklubb, Andreas Håland Hemli. Mannen har til gode å hoppa etter ulukka.

– Han er litt forslått, men elles i fin form. Me er svært glade for at det har gått så bra.

Fallskjermklubben har rutinemessig starta internundersøking, og er i tett dialog med Norges luftsportsforbund for å finna årsaka til ulukka.

– Me veit at han trefte bakken i ein spinnande skjerm. Då hadde han allereie kutta hovudfallskjermen. Den fann me først sundag. Me veit ikkje kva som gjorde at reserveskjermen ikkje blei løyst ut som han skal, seier Hemli.

Fallskjermuhell på Voss under Ekstremsportveko

SPRANG TIL: Biletet viser dramaet kort tid etter at hopparen deisa i bakken. Han kom frå det heile med mindre skader.

Foto: Rune Haugseng

Fleire filma ulukka

Fallskjermklubben held på å samla inn videoar. Fleire vitne skal ha filma hendinga.

– Me har videoopptak, men dei fleste er tekne frå langt unna.

– Kor vanleg er det at det blir komplikasjonar med begge skjermane?

– Det er veldig sjeldan. I snitt får hopparane problem med hovudskjermen ved eitt av cirka 1000–1200 hopp. At begge ikkje fungerer som dei skal, er endå sjeldnare.

Har bedt politiet overlevera utstyret

Politiet tok rutinemessig beslag i utstyret til hopparen. Dette, i tillegg til anna bevismateriale, har Norges luftsportsforbund no bede politiet på Voss om å få oversendt.

– Me har også bede om å få oversendt alle filmar av hendinga, slik at materiellkontrollørane våre kan få studera det heile. Uhellet blir rapportert i systemet vårt. Målet er å konkludera på kva som faktisk har skjedd her, seier fagsjef Jan Wang i forbundet.

Wang meiner hopparen har hatt flaks.

– Reserveskjermen redda livet hans, sjølv om det ser ut til å ha oppstått ei forseinking ved utløysing, som gav ei ufullstendig opning av skjermen.

Fallskjermuhell på Voss

SJUKEHUS: Mannen blei frakta til sjukehus kort tid etter ulukka.

Foto: Rune Haugseng

Mistenkte at skjermen var pakka feil

Ifølge Wang måtte hopparen kutta hovudskjermen, fordi skjermen «opna knallhardt». Det gjorde at skjermen spann og linene blei tvinna. Skjermen byrja å rotera.

– Hopparen gjennomførte ein korrekt naudprosedyre ved å kutta skjermen og trekka reserveskjermen. Etter det, er me ikkje sikre på kva som har skjedd.

Luftsportsforbundet mistenkte først at baggen var feilpakka. Den teorien har ein gått vekk frå. Wang vil ikkje seia om dei har brukarfeil eller teknisk feil som hovudteori.

– Det er for tidleg å seia. Det kan også ha vore ein kombinasjon, seier han.