Bedrageridømd Frp-topp bad om å bli stroken frå lista – likevel stemt inn i kommunestyret

ODDA (NRK): Ullensvang Frp jobbar febrilsk med å søka om fritak for tidlegare toppkandidat Finn Hagen, som trekte seg etter at fleire dommar blei kjende.

Bløming i Ullensvang i Hardanger

FRP: For første gong stiller Frp liste i Sørfjorden i Hardanger. Men han som no er vald inn, har trekt seg frå alle parti etter avsløringar om vald- og bedrageridommar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Knappe to veker før valdagen avslørte NRK at toppkandidaten til Frp i Ullensvang, Finn Hagen, ikkje hadde opplyst partiet om at han fleire gongar var straffa for økonomisk kriminalitet, mellom anna grovt underslag og bedrageri.

Halvtanna år før Hagen blei innstilt som partiet sin ordførarkandidat i den nye hardangerkommunen, blei han straffa for økonomisk kriminalitet for femte gong. Som NRK skreiv i august, er Hagen også dømt for vald mot sin tidlegare sambuar.

– Svaret på det er nei, sa fylkesleiar Gustav Bahus i Vestland Frp, då NRK i august spurde om Hagen hadde opplyst partiet om dommane.

Fungerende formann i Ullensvang Frp, Audun Tveito

UTFORDRING: Fungerande formann i Ullensvang Frp, Audun Tveito, seier lokallaget er i dialog med fylkesleiinga for å få hjelp til å kunna fristilla Hagen frå vervet. – Det er ei utfordring, dette her.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vil søka om å bli fristilt

I ei pressemelding opplyste Hagen at han trekte seg frå alle verv. Fristen for å trekkja seg frå vallista, var derimot for lengst utgått. I staden bad han veljarane om å stemma inn andre kandidatar på lista.

Men tysdag ettermiddag er det klart at Hagen blir Frp sin einaste kommunestyrerepresentant i nye Ullensvang kommune.

– Etter ynske frå Finn, og med støtte frå oss, vil det bli sendt søknad om fristilling frå vervet. Det er i alle fall det som er sagt inntil vidare, seier fungerande formann i Ullensvang Frp, Audun Tveito.

Finn Hagen, Trolltunga Guesthouse

TREKTE SEG: Finn Hagen stilte til val som Frp sin ordførarkandidat i den nye hardangerkommunen. To veker før valet trekte han seg. No er han likevel vald inn i kommunestyret.

Foto: Tale Hauso / NRK

Partioppslutning i Ullensvang

41,4 %
2573 stemmer
28,4 %
1766 stemmer
12,1 %
753 stemmer
5,9 %
368 stemmer
2,9 %
181 stemmer
2,6 %
163 stemmer
2,6 %
162 stemmer
2,1 %
132 stemmer
1,8 %
114 stemmer

Strenge reglar

Rett til fritak etter at ein folkevald er vald inn i kommunestyret, blir regulert av kommunelova.

Men det skal ligga føre særskilde grunnar, som gjer det ekstra byrdefullt å oppfylla pliktene som følger vervet, for at ein skal kunna få innvilga fritak.

Hvis en folkevalgt ikke kan ivareta vervet sitt uten at det fører til vesentlig ulempe for han eller henne, kan kommunestyret eller fylkestinget etter søknad frita den folkevalgte for vervet midlertidig eller for resten av valgperioden. Når søknaden vurderes, skal det legges vekt på om grunnlaget for søknaden var kjent på det tidspunktet da den folkevalgte samtykket i å bli valgt.

Kommuneloven § 7-9.

Den no folkevalde Hagen er ordknapp i møte med NRK tysdag ettermiddag.

– Det er ikkje tatt noko standpunkt enno. Partiet har ikkje diskutert dette, men me skal ha eit møte denne veka, seier han, men ynskjer elles ikkje gi noko kommentar.

Fungerande formann Tveito seier styret i Ullensvang Frp skal ha eit møte onsdag. Der skal dei gjera greie for korleis dei går fram for å gjera plass for at andrekandidat Marianne Solheim tek over plassen.

Målet er at ho blir den faste representanten når det nye kommunestyret i Ullensvang skal konstituerast i løpet av hausten.

NRK har bede Frp sitt hovudkontor kommentera saka. Organisasjonsleiinga viser som dei gjorde i august til fylkeslaget i Vestland.

– Det verste som kunne skje

Fylkesleiar Gustav Bahus i Vestland Frp ønskjer ikkje kommentera saka. Han seier fylkesstyret først skal møtast om fjorten dagar.

Dermed kan det ta tid før det nyoppretta Ullensvang Frp veit kven som blir deira første folkevalde.

Eg må seia at eg ikkje veit korleis det fungerer. Men eg har fått tips om at det skal gå an på eit eller anna vis. Det må me finna ut av, seier Tveito.

– Kan de risikera at førstekandidaten får halda fram?

– Det kan jo henda. Men som sagt så har me eit håp om å få innvilga ein søknad om fritak.

Formannen seier avsløringa like før valet var det verste som kunne skje det nyoppretta lokallaget.

– Det var eit sjokk og frykteleg dumt. No vil me ha Marianne Solheim som partiet sin kommunestyrekandidat. Eg reknar med at fylkeslaget veit meir om korleis dette skal gå føre seg.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon