Hopp til innhold

Båt med seks personar køyrde på oppdrettsanlegg

Politiet har mistanke om promillekøyring etter at ein båt køyrde på eit oppdrettsanlegg ved Hovdasundet i Samnangerfjorden i natt. Tre personar er lettare skadd etter ulykka.

redningsaksjon båt på fiskeoppdrettsanlegg

BÅTULYKKE: Ein båt med seks personar om bord køyrde på eit fiskeoppdrett ved Hovdasundet i Samnangerfjorden i natt. Her frå Bogevik kai, som vart brukt til samlingsplass.

Foto: OS BRANN OG REDNING

Bogevik Kai, Os kommune

RYKKA TIL STADEN: Luftambulanse, ambulansebåt og to båtar frå brannvesenet vart sendt til staden.

Foto: OS BRANN OG REDNING

Politiet fekk melding klokka 00.35 at ein båt med seks personar om bord hadde køyrt på eit fiskeoppdrett ved Hovdasundet i Samnangerfjorden.

Luftambulanse, ambulansebåt og to båtar frå brannvesenet vart sendt til staden.

– Alle seks personane i båten klarte å kome seg i land, medan båten sank på staden, seier operasjonsleiar Janne Steimler Sætre i Hordaland politidistrikt.

Mistanke om promille

Klokka 01.16 vart dei seks personane tatt med i ein privat båt og frakta til Samnanger.

– Av dei seks personane er det tre som er lettare skadd. To vart frakta til lokal legevakt og ein vart sendt til legevakta i Bergen, seier Sætre.

– Har dykk ei meining om kva som kan ha skjedd?

– Politiet veit ikkje kva som har skjedd, men vi har mistanke om promillekøyring, seier Sætre.

Laster Twitter-innhold

Ustabil varsling

Brann- og beredskapssjef i Os kommune Stein Gjøsund fortel til NRK.no at dei lånte ein privat båt for å ta seg over til oppdrettsanlegget der dei seks personane hadde klatra opp.

– Sjølve redningsaksjon gjekk veldig bra og vi hadde god kontroll, seier Gjøsund.

Brann- og beredskapssjefen var meir oppgitt over varslinga av hendinga fordi det kom forskjellige opplysningar om ulykka.

– Det var ei ustabil varsling, som tyder at vi var usikre på kor ulykka hadde skjedd. Vi fekk ikkje varsel før operasjonssentralen hadde fått beskjed, seier Gjøsund.

Sjølv om ulykka skjedde i Fusa var det redningsmannskap frå Samnanger som først rykka ut til staden.

– Dette er eit døme på at vi burde samlokalisert oss, så alle hadde same informasjon, legg han til.