NRK Meny
Normal

Visste ikkje at dei var sakna før dei såg helikopteret

Motoren havarerte, og med telefonar utan straum fekk ikkje dei to mennene i femtiåra varsla nokon etter hjelp. – Dei var særs sletne og medtatte då me fann dei, seier Kystvakta.

Kystvakta

HAVARERTE: To utanlandske menn i femtiåra fekk motorstopp torsdag morgon. Utan straum på mobilane sine fekk dei ikkje varsla nokon etter hjelp, så gleda var stor då redningshelikopteret dukka opp.

Foto: Kystvakta

Det var like før klokka 08.00 torsdag morgon at to menn i femtiåra som hadde fått motorhavari vart funnen av eit Sea King redningshelikopter ved Romarheim.

– Dei var rimeleg sletne og stressa då me fann dei, fortel Tjøme som jobbar på Kystvakta KV «Tor»

Fekk ikkje varsla nokon

Dei to fekk motorhavari og hadde fortøydd i nærleiken av der dei vart funne, fortel Tjøme.

– Begge to hadde gått tom for straum på mobiltelefonane sine, så dei hadde ikkje fått varsla nokon om at dei hadde fått motorstopp. Dei var nok litt redde, og var tydeleg stressa då me fann dei, seier Tjøme.

Visste ikkje at dei var meldt sakna

Det var ein mindre båt med dei to mennen som vart meldt sakna torsdag morgon.

– Vi leitar etter ein mindre båt som vi fekk melding om at onsdag kveld skulle ha gått frå Stanghelle til Bergen, via Osterøy. Men vi er usikker på om dei har seglt på aust eller vestsida av Osterøy, sa operasjonsleiar Morten Kronen til NRK før båten var funnen.

Det var ein kvit 22 fots Combo båt, med kvitt og blått overbygg. Den hadde ein innanbordsmotor og heiter Monica.

– Onsdag ettermiddag hadde meldaren vår i 12:00 tida kontakt med dei to personane om bord. Han fekk opplyst at dei låg ved Knarvik på Lindås og hadde problem at motoren hadde stansa. Sidan har ein ikkje høyrt eller sett noko til dei, sa Kronen dag tidleg.

Og dei to mennen i femtiåra visste lite om redningsaksjonen.

– Dei håpte vel at nokon prøve å finne dei, men dei ana ikkje at det var sett i gong ein leiteaksjon etter dei. Dei skjøna dei fyrst då dei såg redningshelikopteret over båten, fortel Tjøme i Kystvakta.

I god behald

Begge dei to mennene var i god behald då dei vart funnet, og padla seg sjølv til land etter havariet, fortel Tjøme.

– Dei var sjølvsagt sletne, men etter at me fekk taua dei inn til land fekk den eine kontakta kona si som kom å henta dei.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.