Hopp til innhold

Brann i fritidsbåt på Askøy

Brannvesenet rykka ut til Hetlevik på Askøy.

båtbrann askøy

Klokka 13.08 fekk brannvesenet melding om at ein båt står i brann ved kai i Hetlevik på Askøy.

– Meldinga kom frå båteigar. Då vi kom fram brann det godt i båten, fortel vaktkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen.

Det skal vera snakk om ein 26 fot fritidsbåt, og den ligg ved kai. Ved sida av låg ein anna båt, men den er blitt fjerna.

Klokka 13.35 melder brannvesenet at brannen er sløkt.

Var uroa

Operasjonsleiar Janne Steimler Sætre i politiet fortel at ingen personar kom til skade i brannen. Dei var likevel uroa då brannmeldinga kom inn.

– Båten ligg til kai i ein veldig trong våg i Hetlevik. Vi var uroa for at brannen skulle spreie seg til andre båtar og busetnad på land.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent, men det blir meldt om at det kom røyk frå motorrommet før flammane tok tak.