Hopp til innhold

Slik endte båtbrannen i Loddefjord

Overtent fritidsbåt gjekk ned i Loddefjord.

Båtbrann Loddefjord

TIL BOTNS: Båten sokk etter brannen.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

Politi og brannvesen rykte ut like etter klokka 16, då det kom melding om brann i ein båt i Bjørndalspollen i Loddefjord.

Båten var fortøydd i båthamna og var heilt overtent då meldinga kom inn, men det var ikkje folk i båten.

Det var kraftig røykutvikling, og brannvesenet frykta i starten at brannen kunne spreia seg til andre båtar.

Etter kvart blei brannen sløkt, og båten gjekk til botns.

Berre litt av baugen stikk opp av sjøen, og no må båteigaren sjølv få båten på rett kjøl igjen.