Hopp til innhold

Mann i 70-åra funnen død etter at båt gjekk utfor stryk

Fleire vitne sto på ei bru og såg mannen og båten forsvinne utfor eit stryk i elva under dei.

Stryket der mann forsvant i Odda

TATT AV ELVA: Det var her i stryket mellom dei to vatna i Odda at båten forsvann. I toppen av elva vart mannen funnen død.

Foto: 03030-tipser

Den sakna mannen i 70-åra frå Bergen vart til slutt funnen død i 18.30-tida sundag kveld i Odda.

– Han blei funnen omkommen like nedanfor brua der vitne såg han for siste gong, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest Politidistrikt.

Då hadde ein omfattande leiteaksjon halde på i fem timar, etter at politiet fekk melding om hendinga klokka 13.38 søndag.

Mannen vart meldt sakna etter at han og båten vart teken av straumen i elva mellom Ljosavatnet og Reinsnosvatnet i Odda.

Store mannskap deltok i søket, og til saman fire helikopter var på ulike tidspunkt involvert.

Litt etter klokka 16.00 oppdaga redningsmannskapa delar av båten. Båten var delvis knust i dei kraftige vassmengdene i stryket i hytteområdet.

Redningsaksjon i Odda

SAKNA HER: Her er leitemannskap i Reinsnosvatnet nedfor stryket der båten skal ha gått utfor.

Foto: 03030-tipser

Såg båten forsvinne under dei

Leiteområdet ligg på høgfjellet søraust for Odda.

Ifølge politiet var mannen sine pårørande blant vitna til den dramatiske hendinga. Dei var varsla om funnet før politiet stadfesta nyhenda.

– Vi tar no vare på dei som har opplevd noko frykteleg, sa politiets operasjonsleiar Bjarte Rebnord tidlegare i dag.

Fleire andre personar skal også ha fått med seg hendinga der båten gjekk utfor det bratte stryket.

Elva og stryket går mellom dei to vatna, og over elva går vegen på ei bru.

– Nokre vitne har stått på denne brua over elva og sett båten og mannen forsvinne ned i stryket under dei. Han har blitt tatt av straumen, og ikkje klart å stoppe båten, seier Thue i politiet.

Reinsnosvatnet

Stoppa vatnet for å finne mannen

Synne Lindvik i det lokale Røde Kors-korpset fortalde tidleg til NRK om svært mykje vatn i elva der ulukka skjedde.

Undervegs vart det sett i gong tiltak for å halde tilbake vassmengdene i elva.

– Brannvesenet demmer opp vatnet på toppen, slik at det skal bli mindre vatn i elva og enklare å gjere søk, seier redningsleiar Kjetil Hagen, ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.

Då det vart gjort funn av mannen brukte ein den same teknikken for å få henta ut mannen.

– Leitemannskapa jobba seg systematisk nedover elva, og skimta til slutt noko i elva. Då dei fekk stadfesta at det var mannen, blei sekkane vi brukte i dette arbeidet flytta ned til området det vart gjort funn i. Det gjorde at vi fekk halde vatnet borte slik at vi kunne løfte ut mannen, seier Thue i politiet.

Redningsaksjon i Odda etter savnet mann

FLEIRE HELIKOPTER: I løpet av dagen har fire ulike helikopter vore inne i søket. Eitt av dei var desse, eit Sea King redningshelikopter frå hovudredningssentralen.

Foto: 03030-tipser