Hopp til innhold

– Båt sokk etter å ha blitt påkøyrt med vilje

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein båt med fire tyske turistar blei påkøyrt på sjøen utanfor Skånevik.

Båt som blei rent ned i Skånevik

Båten dei tyske turistane brukte.

Foto: Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt

Hendinga skjedde litt over klokka 16 tysdag ettermiddag, då dei tyske turistane var ute på sjøen i ein båt dei hadde lånt.

– Dei skal ha blitt påkøyrt med vilje av ein båt tilhøyrande eit fiskeoppdrett i Skånevik, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt i 19-tida tysdag kveld.

Båten skal då ha tatt inn vatn, og turistane skal ha greid å koma seg inn igjen til land før båten sokk.

Bakgrunnen for påkøyrsla er truleg at tyskarane hadde fiska for nært fiskeoppdrettet, meiner politiet.

– Dei hadde ligge nær eit oppdrettsanlegg, sansynnlegvis ein stad dei ikkje burde ha fiska, og dei meinte då at det var ein båt med tilknyting til oppdrettsanlegget som bevisst hadde køyrt på dei, fortel Jarle Utne-Reitan til NRK.no.

Anna framstilling frå opprettsanlegget

– Me er ikkje kome så langt at me veit kva som faktisk skjedde. Dette var forklaringa til tyskarane og seinare i dag har me fått ei forklaring frå tilsette på oppdrettsanlegget som har ei anna framstilling, så eg trur ikkje me skal konkludera ennå med kva som skal ha skjedd, legg Utne-Reitan til.

– Kva vil skje vidare?

Båt involvert i hending i Skånevik

Dette er båten politiet meiner kan ha rent inn i båten tyskarane var ombord i.

Foto: Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt

– Me vil oppretta sak på dette, så vil lensmannskontoret i Etne etterforska dette vidare. Dei vil snakka med vitne og andre som kan kasta lys over saka, og gjerne sjå nærare på båtane som har vore involverte, seier operasjonsleiaren.

Samfunnkontakt Ove Gjerde i Alsaker fjordbruk stadfestar ovanfor NRK at personen som køyrde ut i båt til tyskarane er tilsett i Sunnhordland fjordbruk, som er ein del av Alsaker konsernet.

– Eg har snakka med vedkommande og han har forklart seg for politiet. I og med at dette har blitt ei politisak kan ikkje eg uttala meg noko særleg om det, seier Gjerde.

– Rende dei i senk

Dei fire tyske turistane er ifølgje politiet i alderen 50-70 år og dei skal ha opplevd påkøyrsla som svært dramatisk.

Dei leigde båten dei var ute i av Fjordfisk Skånevik.

– Dei fortalde meg at dei hadde lagt inntil eit tidlegare oppdrettsanlegg og fiska flyndre. Då kom det ein båt i frå land ut, og så blei det noko ordveksling. Dei gjekk så derifrå med båten, men då snur den andre, tar sikte midt på dei og renn dei rett i senk, fortel Lars Moe i Fjordfisk Skånevik til NRK.no.

– Visste dei at dei kanskje ikkje burde ha fiska der dei fiska?

– Dei er informert om reglene, men dei trudde det ikkje var noko problem sidan det ikkje var lakseanlegg der, det var berre ein lekter med eit hus på, seier Moe.

Politiet er tysdag kveld på staden og snakkar med turistane.