Hopp til innhold

Gutt (1) kritisk skadd – barnehagen stengt fredag

Eitt år gamal gut får behandling på Haukeland sjukehus etter ulukke i Bergen.

Politibil utanfor barnehage i Birkelundsbakken

ULUKKE: Episoden skjedde i ein barnehage ved Birkelundsbakken i Bergen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Politiet fekk melding om ulukka klokka 12.10 torsdag ettermiddag.

Eit barn på eitt år har ifølge politiet falle ut av ei barnevogn og deretter blitt hengande fast med ein stropp rundt halsen.

Ulukka skjedde i Akasia Paradis barnehage i Birkelundsbakken i Bergen.

Haukeland universitetssjukehus melder torsdag ettermiddag at det er ein gut som er kritisk skadd.

– Ambulansepersonell var i gang med førstehjelp då me kom fram. Barnet er køyrd til Haukeland sjukehus, opplyser innsatsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt til NRK.

Ifølge BA var guten ikkje bevisst då han vart funne.

Klokka 16:50 melder politiet at de har avslutta sine undersøkingar på staden. Saken følges no opp ved voldsavsnittet ved Bergen politistasjon.

Får tilbod om krisehjelp

Bergen kommune har mobilisert eit psykososialt kriseteam.

– Dei tilsette i barnehagen får no tilbod om vidare oppfølging, utover det dei har fått frå politiet, seier innsatsleiar Johannessen.

Styraren i barnehagen viser vidare til administrerande direktør i Akasia. Ove-Christian Fredriksen seier at foreldre og tilsette er sterkt prega av ulukka.

– Me følgjer opp så godt me kan og har eit fokus på barna, tilsette og foreldre. Me har kopla på eit kriseteam, men førebels har me ikkje noko meir informasjon å gje ut, seier Fredriksen.

Fleire foreldre henta torsdag ettermiddag barna sine etter at barnehagen sjølv varsla om den alvorlege hendinga.

Akasia Paradis barnehage

ALVORLEG: Den alvorlege ulukka skjedde i Akasia Paradis barnehage.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Stengjer barnehagen fredag

Foreldre i barnehagen har torsdag kveld fått melding om at barnehagen vil halde stengt fredag. Det inneber at 110 born må halde seg heime.

Fredriksen i Akasia seier til NRK at dei vil bruke fredagen og resten av helga til å ta vare på dei tilsette.

– Vi vil i samarbeid med bedriftshelsetenesta og andre samarbeidspartnarar sjå på kva behov dei ulike har for vidare oppfølging.

Barnehagen vil vere i normal drift frå måndag.

Fekk behandling i ambulansen

Det er usikkert kor lang tid det tok før barnet fekk hjelp. Det var tilsette i barnehagen som først oppdaga barnet. Politiet blei varsla om ulukka via AMK-sentralen.

Verken innsatsleiar eller operasjonsleiar ynskjer å seia noko om tilstanden til barnet utover at det var i live då barnet blei frakta i ambulanse.

– Barnet var i live og er no under behandling på sjukehuset, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy.

– Barnet var under behandling heile vegen til Haukeland sjukehus. Barnet var i live, men det blei omtala som ein alvorleg situasjon då barnet blei frakta bort, seier Johannessen.

Kommunaldirektør Trine Samuelsberg i Bergen kommune seier at dei har stilt psykososialt kriseteam til rådvelde i saka.

Politiet undersøker no barnevogna og gjer åstadundersøkingar på staden. Det er ikkje kjend kva som førte til ulukka.

– Me tek avhøyr av dei som var på staden i tillegg til at me gjer kriminaltekniske undersøkingar, seier innsatsleiar Johannessen.

Hendelse i barnehage i Birkelundsbakken