NRK Meny
Normal

Barnebyen manglar born

Barnebyen i Olsvik i Bergen opna for drift i 2007, men fem av dei åtte husa er tomme for born. – Statsråden må ta tak, seier May-Helen Molvær Grimstad.

SOS-barneby i Olsvik

I dag var det offisiell opning av Noregs første SOS-barneby. Barnebyen er eit barnevernstilbod som skal ta imot born som ikkje har foreldre som kan ta seg av dei sjølve.

Til saman finst det 432 slike byar rundt om i verda.

– Eg synest det er litt rart, når eg ser kor stort behovet er, seier Knut Halvorsen.

Halvorsen har saman med kona og dottera flytta inn i eit av husa i barnebyen, men dei har ikkje noko barn der enno. Han og kona har vore klare i fleire år.

May-Helen Molvær Grimstad

May-Helen Molvær Grimstad

Foto: NRK

– Statsråden må ta tak

Det er lange køar for å få plass i fosterheim og leiaren for familie- og kulturkomiteen på Stortinget reagerer på at dei fleste husa i barnebyen står tomme.

– Det er heilt meiningslaust. Borna er dei mest sårbare me har, dei burde ikkje stå å venta på å få eit omsorgstilbod når me veit at dei ikkje kan bu i lag med foreldra sine av ulike grunnar, seier komiteleiar May-Helen Molvær Grimstad.

– Det er eit nederlag i seg sjølv, og det blir eit nytt nederlag å påføra borna at dei må stå og venta på å få ein ny heim. Me veit at det er stort behov, det finst tilbod og det fint kapasitet, så no må statsråden ta tak i dette, seier Molvær Grimstad.

– Barnebyen er eit nisjetilbod

Nina Bolstad, avdelingsdirektør i barnevernet region Vest, meiner husa er tomme fordi barnebyen ikkje passar for alle.

Nina Bolstad

Nina Bolstad

Foto: NRK

– Barnebyen oppfattar me som eit nisjetilbod for born som treng meir omfattande hjelp over lenger tid. Det betyr ikkje at borna me har som står i kø for å få fosterheim nødvendigvis passar til akkurat dette tilbodet, seier Nina Bolstad.

Reagerer på argumentasjonen

Trond-Viggo Torgersen er ambassadør for SOS-barnebyar. Torgersen synest argumentasjonen er dårleg.

Trond-Viggo Torgersen

Trond-Viggo Torgersen

Foto: NRK

– Det er litt rart at det blir kalla eit nisjetilbod. Det er ikkje slik at me skil oss så veldig ut frå dei andre stadene i Europa der det er barnebyar, seier Torgersen.

– SOS-barnebyar som er så integrert i nærmiljøet som dette her, liknar jo mest på eit vanleg bustadfelt. Det er på veldig mange måtar veldig ulikt ein institusjon. Born som er i fosterheim må også ha den typen ekspertise kopla til seg, og det kan bli vanskeleg og dyrt å frakta ekspertar og foreldre fram og tilbake, seier Trond-Viggo Torgesen.

Siste video

Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Programleder: Mariann Reikerås