Hopp til innhold

«Nina» (11) flykta sju gongar frå faren – berre tre plassar fekk ho gå på skulen

Barn som lever delar av barndommen på krisesenter kan miste viktig skulegang, viser ny forsking.

Vestfolds krisesenter for menn

I KRISE: I 2017 budde rundt 1500 barn på norske krisesenter. For første gong har nokon forska på korleis dei blir påverka.

Foto: Linn Løkken / NRK

– Det blei lettare å følgje med i timen fordi eg kunne snakke med læraren.

Det fortel «Nina» (11), som saman med mora har flykta frå ein valdeleg far sju gonger. Til liks med mange andre barn som må bu på krisesenter, har det gått ut over skulegangen.

– Nokre barn må flytte frå krisesenter til krisesenter, fordi valdsutøvaren finn dei. Andre flytter fram og tilbake mellom krisesenter og heimen, fortel Sabreen Selvik, forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.

Mister undervisning

Selvik er den fyrste som har forska på kva gjentekne opphald på krisesenter gjer med skulegangen til barna.

Studien bygger på intervju med 20 barn. Hovudfokuset er opplevingane i skulen. Tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet syner at det i fjor budde nesten 1500 barn på norske krisesenter.

Ein stor del av desse fall frå i skulen.

– Nokre mister eit par dagar, medan andre kan gå glipp av fleire månader, seier Selvik.

Sabreen Selvik, Forsker ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress

FORSKAR: Sabreen Selvik har snakka med barn med lange opphald på krisesenter bak seg.

Foto: NKVTS

Årsakene kan vere at det ikkje er trygt for dei å gå på skulen fordi valdsutøvaren kan finne dei, at avstanden mellom krisesenteret og skulen er stor eller at krisesenteret ikkje tilbyr alternativ skulegang.

– Dei opplever at dei har kunnskapshol på grunn av alle flyttingane og brot på skulegangen. Og det vil naturlegvis påverke dei seinare, seier Selvik.

Det var forskning.no som fyrst skreiv om funna.

Læraren kan vera avgjerande

Selvik har snakka med barn i alderen 6–16 år. Sjølv om skulen er eit viktig pusterom, saknar barna meir tilrettelegging i skulen.

– Mange klarer ikkje å følgje med eller dei klarer ikkje gjere leksene sine, fortel Selvik.

For mange er det også vanskeleg å vite korleis ein skal vere saman med medelevar og lærarar.

– Dei er usikre og lurar på om læraren veit at dei bur på krisesenter. Kor mykje veit læraren? Kor mykje kan eg fortelje læraren?

«Nina» er blant dei 20 barna som har delteke i studien. Berre under tre av dei sju krisesenteropphalda fekk ho gå på skulen. Blant lærarane ho møtte, var det berre éin ho opplevde at ho kunne snakke med.

– Då kunne eg sleppe laus kjenslene mine, seier 11-åringen.

Pål Hafstad Thorsen, skolebyråd for Arbeiderpartiet i Bergen

MÅ LEGGJE TIL RETTE:– Skulen må strekke seg langt for å leggje til rette for barn som bur på krisesenter, seier skulebyråd i Bergen, Pål Hafstad Thorsen.

Foto: Elise Angell / NRK

– Skulen må strekke seg langt

Dialogen mellom krisesenter og skulen må også bli betre, meiner byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen, Pål Hafstad Thorsen (Ap).

– Dette er familiar i ein ekstrem situasjon. Skulane skal strekke seg langt for å hjelpe desse barna, og det skal også skulehelsetenesta og andre tenestetilbod i kommunen gjere.

Thorsen seier skulen må legge til rette for at barnet kan følgje undervisninga frå krisesenteret fram til det er trygt nok å kome tilbake på skulen.

– Vi vaksne må gjere alt vi kan for at dei får ein trygg og god skulegang, seier byråden.