Det er ikke lett å være liten på nyfødt-intensiven ved Haukeland sykehus fortiden.
Banking og boring har blitt ein del av kvardagen dei siste månadane for mange av borna. Det er ikkje alltid like lett å sova.
Skal halda på til mai
- Arbeidet med å laga betre plass og byggja nytt mjelkekjøken starta i november og er ferdig i mai, fortel seksjonsoverlege Hallvard Reigstad.
Det er dei eldste av dei nyfødde borna som reagerer mest på lydane. Enkelte har fått øyreklokkar mot støyen.
Kuvøser beskytter
Dei premature borna som ligg i kuvøse er meir beskytta mot bråket og høyrer mest lydane frå apparata dei er tilkopla.
Både born, tilsette og foreldre ser imidlertid fram til at arbeidet skal ta slutt i mai.