Hopp til innhold

Barmen: – Eg var nær ved å leggje opp

I dag er han ein av dei mest populære spelarane på Brann. Men for få sesongar sidan fekk Kristoffer Barmen så mykje kjeft at han vurderte å gje opp heile karrieren.

Kristoffer Barmen i Bergen

TØFF TID: – Det var dårleg stemning i garderoben, og dårleg stemning i hovudet mitt, seier Kristoffer Barmen om den vanskelege tida før 2016-sesongen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det kom ein del rop og kommentarar som ikkje var så fine. Det var ei vanskeleg tid, fortel ein openhjartig Kristoffer Barmen.

NRK er med 23-åringen gjennom Bergen sentrum. Nokre småungar peiker, vaksne gjev han høflege nikk, men Brann-spelaren får i det meste gå i fred.

23-åringen er ein lokal helt på eit Brann-lag i medvind. Men det er ikkje lenge sidan han kvidde seg for ein tur til byen.

Symbolet på nedturen

Sumaren 2011 oppfylte Søreide-karen gutedraumen. Han debuterte for Brann og fekk plass i A-stallen.

Men dei neste årene vart vanskelege, både for klubben og for den unge bergensaren. Mange meinte den litt keitete lysluggen ikkje var god nok.

Spesielt tøft vart det i nedrykkssesongen i 2014, med mykje kjeft frå tribunen, i media og på byen.

– Det var dårleg stemning i garderoben, og dårleg stemning i hovudet mitt. Somme dagar sleit eg med å komme meg på trening. Eg vurderte for alvor å slutte med fotballen.

– Eg tok dårlege val

På eit tidspunkt vart det også spekulert i at han berre fekk spele fordi faren Rolf var styreleiar i Brann. dag seier han at desse skuldingane var dei verste å takle.

– Det var urettferdig! Det er ein ting å få kritikk fordi du speler dårleg. Men dette var umogeleg å forsvare seg mot. Det var tunge veker medan den stormen stod på.

Historiene gjekk og om at han var glad i å gå på byen, og at han ikkje var seriøs nok. Han innrømmer at han var umoden.

– Eg tok dårlege val. At eg skada klubben på den måten er det greitt å få kritikk for.

Brann-jubel

JUBEL: 4. oktober i Kristiansund vinner Brann 1-0. Målet kom på straffespark, signert Kristoffer Barmen, og blir viktig for Brann sitt opprykk.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Mentalt sterk

Sumaren 2015 skulle bli eit vendepunkt, både for Brann og for Barmen.

Brann får fleire straffespark som kan avgjere dei viktige opprykkskampane. Det er Kristoffer Barmen som går fram. Den utskjelte tek ansvar når fallhøgda er størst.

– Han har vist at han har ein enorm mental styrke, seier Lars Arne Nilsen.

Trenaren trekk fram Barmen som eit eksempel på ein spelar som har dei eigenskapane han ser etter.

– Han har vist at han toler trykket som er her. Kristoffer er viktig både på bana og i garderoben. Og han kan fort bli enno betre enn i dag.

Kjempar om sølv

Laurdag er han sentral på eit lag som kjemper om sølvmedalje i Eliteserien.

- Så du kjem til å takle det om medaljane ryk?

- Nja… Etter vi er så nær…. Då må du nok gje meg ei veke før eg er tilsnakkande i alle fall.