Hopp til innhold

Sjå høgdepunkt frå Brann-sigeren

Kristoffer Barmen er for alvor inne varmen under Rikard Norling. – Eg har aldri vore i betre form, og kan ikkje venta på sesongstarten, seier ungguten som avgjorde treningskampen mot Start.

Kristoffer Barmen

AVGJORDE: Kristoffer Barmen stanga inn 2-1-målet til Brann i treningskampen mot Start på La Manga.

– Eg har aldri vore i betre form og det er rett og slett synd at det er ein månad igjen til seriestart. Eg kan nesten ikkje venta med å komma i gang, seier Kristoffer Barmen etter å ha avgjort treningskampen mot Start på La Manga.

Seks minutt før full tid stanga 20-åringen inn vinnarmålet i treningskampen mot Start på La Manga. Brann vann 2–1.

– Viser styrke

Trenar Rikard Norling var imponert over ungguten, etter ein heller laber fotballkamp i vindkasta på den spanske solkysten.

– Han har god fysisk styrke. Og i dag vista han at han både har vilje og krefter til å stå kampen ut, ved å skåra vinnarmålet, sa svensken som har gitt 20-åringen mykje speletid i oppkøyringa.

Før Barmen sette inn vinnarmålet hadde Erik Huseklepp sendt raudtrøyene opp i leiinga etter eit mønsterangrep. Espen Hoff kvitterte for sørlendingane ni minutt før sidebytte.

Til pause låg det an til poengdeling.

Klar for tunge løp

Vinnarmålet kom etter eit presist innlegg frå Birkir Sævarsson. Kristoffer Barmen hadde tatt det tunge løpet og heada presist inn bak tidlegare Brann-keeper Håkon Opdal.

Barmen meiner han har tatt solide steg fysisk sidan sesongslutt.

– Eg har trent godt, ja til og med lagt på meg nokre kilo med musklar. Er er rett og slett i kanonform, seier bergensaren.

Høydepunkter og reaksjoner etter Brann-Start